Regjeringa har svikta kriminalomsorga

Fengselspersonale melder om ein hardare kvardag. Fangebefolkninga er meir slitne enn før.

MEININGSLØYSE KUTT: Men trur nokon at å kutte i løyvingane og skjera ned på aktivitetstilboda vil gjera det lettare for den domfelte på vegen tilbake til samfunnet, spør innsendaren. Eirik Brekke

Debattinnlegg

Torfinn Langelid
Bergen

Bergens Tidende har fortenestefullt tatt opp forfallet i norsk kriminalomsorg. Fengsla har fått kutt på om lag 200 millionar. Fagforeiningane er i harnisk over utviklinga. Det skulle vore fleire tilsette for å møte dei innsette på ein god måte. Det blir færre. Det blir skore ned på aktivitetstilboda til dei innsette.

Dette er ikkje dynamisk tryggleik der fengselspersonalet gjennom nok tid og tilbod kan møte den innsette på ein positiv måte. Det er tilbakemeldingar som kjem frå heile landet. I Hordaland er til dømes avd. D stengt, ei avdeling utanfor fengselsmuren der dei domfelte kan gå til arbeid eller utdanning kvar dag, som ein siste stasjon på vegen tilbake til samfunnet.

Torfinn Langelid er tidlegare seniorrådgjevar hos Fylkesmannen i Hordaland, no pensjonist. Han har mellom anna skrive boka «Bot og betring? Fengselsundervisninga si historie i Noreg» som kom i 2015. Privat

Les også

Et tilbakesteg for oss innsatte

Justisminister Per-Willy Amundsen (Frp) kjenner seg «ikke igjen i de ansattes fremstilling av dårlig rehabilitering av innsatte». Men fengselsleiarar, fengselspersonale, andre som arbeider i kriminalomsorga og innsette kjenner seg att i biletet som blir teikna. Eg trur vi skal høyre på dei!

I vår la regjeringa fram ein Nasjonal strategi for samordnet tilbakeføring etter gjennomført straff 2017–2021. Ein strategi som fem statsrådar har skrive under på. I tillegg til justisministeren er også statsrådane Høie, Sanner, Hauglie og Røe Isaksen. I føreordet til statsrådane heiter det mellom anna at «et systematisk arbeid med å motvirke glippsoner vil bidra til at flere kommer i utdanning eller arbeid etter gjennomført straff, noe som igjen vil redusere tilbakefallet til kriminalitet og bedre integreringen.» Det er vel og bra. Men trur nokon at å kutte i løyvingane, skjera ned på aktivitetstilboda og stengje Bergen fengsel avd. D, vil gjera det lettare for den domfelte på vegen tilbake til samfunnet?

Oppfølging etter avslutta soning tek til i fengsla, eit tidkrevjande og langsiktig arbeid som krev tolmod, engasjement og ressursar. Eit godt tilbakeføringsarbeid er samfunnsøkonomisk lønsamt. Forskingsrapportar både frå Sverige og Noreg viser at for kvar investert krone får samfunnet tilbake frå seks til 18 kroner. Dette må vera gode tal for politikarane som tenkjer økonomi, men dei tek ikkje konsekvensen av desse funna. Eit godt tilbakeføringsarbeid gjer samfunnet tryggare og den tidlegare domfelte vil lettare finne sin plass i samfunnet.

Les også

– Går på sikkerheten løs i fengslene

For å løyse soningskøen, har regjeringa sidan 2015 leigt Norgerhaven fengsel i Nederland. Ei ordning som har fått massiv kritikk frå Sivilombodsmannen, juristar og fagforeiningar. Sivilombodsmannen seier mellom anna: «Funn under besøket viste at innsatte som overføres til Norgerhaven fengsel ikke er sikret et tilstrekkelig vern av norske myndigheter mot tortur og umenneskelig eller nedverdigende behandling. ... Under besøket ble det også gjort flere funn som viser at soningstilbudet i Norgerhaven fengsel ikke legger godt nok til rette for at innsatte tilbakeføres til samfunnet. Utdanningstilbudet i fengselet er ikke tilpasset innsatte med behov for videregående og høyere utdanning, og innsattes reelle mulighet til å motta besøk fra familie og venner er vesentlig begrenset»

Sterke ord. Når fengselet truleg blir avvikla i 2018 har tiltaket kosta 800–900 millionar kroner. Ikkje lommerusk! Midlar som kunne vore nytta til renovering av gamle fengsel, eventuelt fleire soningsplassar her i landet, sikre gode tiltak i fengsla, sikre nok fengselspersonale for å sikre eit så godt miljø som mogeleg i fengsla. I tillegg støtte oppfølgingsarbeidet.

Denne regjeringa har svikta kriminalomsorga!

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg