Nei til avskilting av røynde lærarar

Lærarane sin vilje til å etterutdanne seg er større enn kapasiteten på tilbodet.

AVSKILTA: Regjeringa sine kompetansekrav, som BT stør, vil avskilte 30.000 lærarar, skriv innsendaren. Stortinget burde heller innføre ein rett til vidareutdanning, meiner Anita Knapskog. Odd E. Nerbø

Debattinnlegg

Anita Knapskog
Fylkesleiar, Utdanningsforbundet Hordaland

BT skriv på leiarplass 22. januar at det vil vere uheldig om Stortinget i februar snur i saka om at innføring av kompetansekrav for undervisning i fag også skal gjelde lærarar som i dag har godkjent lærarutdanning.

Haldninga til BT og regjeringspartia Høgre, Framstegspartiet og Venstre syner ei kunnskapskløft mellom politikarar og lærarar.

Eg vil her kommentere nokre av BT sine premiss og påstandar.

Kompetansekrava gjeld ikkje berre i ungdomsskulen. Det er òg innført krav om 30 studiepoeng for å undervise i norsk, engelsk og matematikk i barneskulen.

Dette råker difor svært mange lærarar, og det legg store føringar for korleis skuleleiarane kan leggje timeplanane.

BT skriv vidare at det utan denne tvangen vil ta uforholdsmessig lang tid før lærarane har den utdanninga Stortinget meiner dei bør ha. Premissen her er altså at lærarane ikkje vil vidareutdanne seg utan tvang. Dette stemmer ikkje.

Etterspurnaden etter vidareutdanning var større enn tilbodet før den tilbakeverkande krafta vart innført. Etterspurnaden frå lærarane er også no større enn det utdanningsinstitusjonane kan tilby og det skuleeigar gjev tilsegn om.

I staden for å avskilte lærarane, burde Stortinget innført ein individuell rett til vidareutdanning.

Les også

Lærere gjør opprør mot nye krav: – Et slag i ansiktet å stå i fare for å bli avskiltet som lærer etter 19 års erfaring

BT ser ei utfordring i at ufaglærte må setjast inn som vikarar når lærarane tek vidareutdanning. Det er bra at BT påpeikar dette, men dessverre er det ikkje berre når lærarar tek vidareutdanning at ufaglærte vikarar står i klasseromma. Bakdøra inn i klasseromma står på vidt gap. Det finnes ingen avgrensing i lovverket som hindrar skuleeigarane i å bruke ufaglærte vikarar.

Mange elevar går gjennom heile skuleår utan utdanna lærar i fleire fag. Desse vikarane har heller ikkje den pedagogiske og metodiske utdanninga som dei avskilta lærarane har, og som dei har vidareutvikla gjennom lang praksis. Dersom Stortinget for alvor meiner at ein skal gjere noko med kvaliteten i skulen og for å sikre elevane sine rettar, var det her ein burde sette inn tiltak.

Det er i dag eit fleirtal av parti på Stortinget som ønskjer å gjere om på vedtaket.

Eg håpar dei gjer kloke val og byggjer bru til 30.000 avskilta lærarar.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg