Lagspel i Vestland, Jens Kihl!

Vår felles patriotisme er ein del av suksesskriteriet for at Vestland kan byggja laget.

Publisert Publisert

Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) meiner Vestland må stå samla, for å sikre vekst og arbeidsplassar. Foto: Tuva Åserud (arkiv)

Debattinnlegg

  • Jon Askeland
    Fylkesordførar, Vestland (Sp)
  1. Leserne mener

Det er prisverdig at Jens Kihl tek distriktsdebatten laurdag 22.februar.

Han påstår at eg bommar i analysen mi av at Bergen og distrikta bygger kvarandre. Vel, dersom flyttestraumen fortset å gå berre frå bygdene til Bergen, og Bergen hevar seg over distrikta, så har Kihl eit poeng.

Men, det som har vore analysen min lenge, og som eg opplever brei støtte for, er følgjande: Vestland må stå fram som eitt lag, som særleg jaktar jobbskaping.

Me er eksportfylke nummer ein, og me vil og kan få til enno meir verdiskaping i heile det nye fylket vårt! Like viktig for meg er framsnakkinga av kvarandre på dette laget.

Les også

Jens Kihl: Det er noko Senterpartiet ikkje forstår om norske bygder

Laget vårt har ei felles utfordring i folketalsutviklinga. I distrikta våre går folketalet tilbake/veks lite. Også Bergen veks for lite. Oslo og Viken, derimot, står for over 60 prosent av folketalsauken i landet siste året.

Dette siste er også ein del av uroa mi. Derfor må me stå saman her i vest og støtta kvarandre.

I den korte tida eg har vore fylkesordførar, opplever eg ein veldig sterk vilje i Bergen til å sikra vekst i distrikta. Derfor meiner eg at Bergen er viktig for å byggja distrikta.

Eg får sterk støtte for å snakka fram livet på bygda, fordi der er mange kvalitetar, parallelt med at det er der den største kampen står.

Eg meiner at vår felles vestlandske patriotisme er ein del av suksesskriteriet for at me i Vestland fylke kan byggja laget. Det er ikkje sikkert me lukkast, for barnetalet i mange distrikt har gått ned lenge.

Trendframskrivingar eg har sett, viser diverre at berre tolv av kommunane vil ha åtti prosent av innbyggarane i Vestland fylke i 2040, dersom ikkje denne trenden vert snudd.

Det er lenge sidan så mange unge har vore positive til verdiane i distrikta, som no. Lokal verdiskaping, naturressursane, friluftsliv, kortreiste produkt og tenester er noko stadig fleire ser betydninga av.

Også i distrikta finn me den store viljen og evna til å utvikla endå meir næringsliv, innovasjon, gründerskap, teknologibedrifter i verdsklasse og kompetansearbeidsplassar i alle delar av kommunal sektor.

Og det er her by og land er gjensidig avhengige av kvarandre i konkurransen med det sentrale Austlandet om nye innbyggarar. Me må sjå forbi by- og bygdestatus.

Det er berre om byen og distrikta dreg i lag, at me vil klara å sikra oss dette for framtida. Eg aktar ikkje å sitja i ro og sjå at ei svak folketalsutvikling held fram.

Fylkeskommunen utviklar derfor kontinuerleg politikk for heile fylket. Som stril med halve slekta i bydn, er det ikkje Bergen eg er redd for.

Me må byggja oss sterke saman i vest! I den nye BT-podkasten «Nokon må gå», fleipar du om Åkra kvar gong, Jens Kihl. Eg heiar på Åkra kvar dag, like godt som Bergen, fordi eg er oppteken av at folka i bygd og by gjer oss stolte saman, og skapar særpreget til landsdelen vår.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg