No orkar me ikkje meir

No orkar me ikkje meir. Me er leie.

ORDFØRAR: Hans-Erik Ringkjøb, ordførar på Voss. Rune Sævig

Debattinnlegg

Hans-Erik Ringkjøb
Ordførar i Voss kommune (Ap)

Det er heilt utruleg kor populær ein upopulær melodi kan vera. År etter år har sentraliseringsmelodien gått sin sigersgang over landet, år etter år får tilsette i ulike etatar melding om at dei skal sentraliserast. År etter år er det stadig fleire som mislikar denne melodien. Likevel ver den spelt om att og om att.

No orkar me ikkje meir. Me er leie. Me har høyrt det same så mange gonger, men me trur ikkje på det. Me trur på distrikta, me trur på heile Noreg.

Eit stolt slagord i dette landet er «By og land, hand i hand». Dette slagordet trur eg fortel noko om kva me er stolte av å ha fått til. At me har stått side om side og ønskja kvarandre det beste for framtida. Gjennom å gå i lag, har me evna å henta ut det beste i heile landet. Me har sikra eit levande Noreg.

Men det verkar lenge sidan no. Veldig lenge sidan. Det me hugsar no er nedlegging av Lensmannskontor, sentralisering av NAV, nedlegging av HELFO, omstrukturering av forsvaret, ny organisering av Statens vegvesen, og no nyleg, framlegg om nedlegging av ting- og jordskifterettar og omfordeling frå ressurssvake kraftkommunar til vekstområde.

Er det løye me er leie?

Sjølvsagt forstår me som høyrer heime i distrikts-Noreg at ny teknologi, nye mogelegheiter og å løysa oppgåver på best mogeleg måte, fører til endring. Det toler me godt.

Men det me rett og slett ikkje forstår, er kvifor det er sentraliseringsmelodien som toppar hitlistene til omorganiseringsaktørane. Har dei aldri høyrt om distriktsmelodien? Har dei aldri sett på oppsidene ved at viktige samfunnsinstitusjonar ligg utanom byområda?

Eg trur eg har både by og land med meg i å hevda at folk lengtar etter å høyra distriktsmelodien. Den melodien som legg vekt på dei kvalitetane som er i heile landet. Som verdset innbyggarar og lokalsamfunn over heile landet. Den melodien som må spelast om det skal bu folk i heile landet.

Melodien som kan sikra ljos i husa og unike opplevingar for turistane, som tek vare på og utviklar kompetansemiljø i det ganske land og som fortel om den store verdiskapinga som skjer i distrikta. Den melodien som gjer Noreg til Noreg!

Eg må innrømma at eg slit alvorleg med å forstå kvifor det ikkje er mogeleg å sjå på heile Noreg som ein ressurs, òg når det gjeld lokalisering av arbeidsplassar. Det er ikkje noko som tilseier at alt må samlast i våre største byar. Det er heller motsett.

Ved å lokalisera arbeidsplassar utanom byane kan me gjera noko smart, nemleg avlasta byane og sikra kraftfulle distrikt. By og land, hand i hand!

Det er på tide med smarte tankar og løysingar. Det er på tide å satsa på heile landet. Det er faktisk langt på overtid å sjå at ny teknologi gjer at me enkelt kan skapa velfungerande kompetansemiljø i heile landet.

Tenk at ein ikkje ser at teknologien, breiband og digitalisering gjer at me enkelt kan halda på desentraliserte tilbod til ein rimeleg pris. Sentraliseringsmelodien har aldri vore på norsktoppen. Tida er inne for å slutta å spela den!

Nett no føler eg at den viktigaste jobben min ikkje er å driva politikk i eigen kommune, men å få regjeringa til å forstå at heile landet må henga saman. Frå dei 422 kommunehusa til Løvebakken.

For sluttar me ikkje å spela sentraliseringsmelodien, endar me opp med svenske tilstandar. Eit land der distrikta i stor grad har spelt ut si rolle. Sentraliseringsmelodien er eit nådestøyt for distrikta. Det vil vera ei ulykke for nasjonen Noreg når tonane frå distriktsmelodien stilna.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg