Før var eg lærar, no er eg ein som lærer

Vi kan framleis læra – sjølv om vi blir gamle.

Å praktisera livslang læring er ein spesiell måte å leva på, skriv innsendaren. Han tilrår alle å vera opne for å ta til seg ny informasjon – heile livet.
  • Øivind H. Solheim
    Forfattar og vestlending, no busett i Trøndelag
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

I mange år var eg lærar i vidaregåande skule. I nesten 30 år underviste eg 16–19 år gamle elevar i norsk, fransk og tysk litteratur og språk.

Som lærar var jobben min å læra ungdommar det som dei ifølgje læreplanane skulle læra på det trinnet dei var. Jobben gjekk ut på formidla og gi rettleiing som gjorde at elevane kunne nå læringsmåla sine. Jobben innebar også ein del læring for meg sjølv, både som lærar og som menneske.

Den viktigaste lærdomen eg fekk i denne jobben, var kanskje på det menneskelege og det mellommenneskelege planet: Å få vera vitne til unge menneske i utvikling i ein viktig periode i livet deira.

Øivind H. Solheim meiner at det å bli elev igjen er noko av det beste som har hendt han.

I den siste delen av det yrkesaktive livet var eg involvert i europeiske prosjekt i program for livslang læring. Ein enkel lærdom om læring frå vaksenopplæringa er at vi alle har noko vi kan eller veit frå før. Vi har alle erfaringar, kunnskapar og kompetanse som vi kan bygga på når vi lærer nye ting eller lærer meir om tema vi allereie kan ein del om.

For åtte år sidan pensjonerte eg meg, og eg merka at eg litt etter litt la frå meg rolla som undervisar/lærar.

Eg gjekk tilbake til rolla som ein som lærer – eg vart igjen elev, student.

Det er kanskje noko av det beste som har hendt meg! Å ha nesten all tida si fritt til disposisjon og å kunna bestemma sjølv kva ein skal bruka tida til – det er berre heilt nydeleg!

Kva vil det seia å læra i godt vaksen alder?

Vi lærer jo heile tida. Alle kjenner ordtaket «du lærer så lenge du lever.» Men den som har undervist sjølv, og som også sjølv har lært ein del gjennom eit langt liv, er på ein måte særs kompetent til å læra. For kva handlar læring om? Jo, det handlar om å ta til seg ny kunnskap, om å forstå og skaffa seg innsikt i saker som nokre gonger er kompliserte og lite tilgjengelege.

Læring er å ta til seg informasjon og å gjera denne nye informasjonen til sin eigen. Men kva betyr det å gjera den nye informasjonen til sin eigen, kan ein spørja.

Vi kan seia at å praktisera ein tankegang som omfattar livslang læring, er ein spesiell måte å leva på. Det gjeld haldninga vår til omverda. Er vi fleksible? Er vi opne for det nye? Er vi opne for å ta til oss informasjon frå miljøet rundt oss?

Vi er alle unike. Kanskje ikkje alle av oss er så opne i sinnet. Men eg synest vi burde vera det. Det betyr rett og slett å ha evna til å ta inn og absorbera ny informasjon.

Eg har dei siste 50 åra vore opptatt av lesing og skriving. Etter at eg i 1978 gav ut den første boka mi, har eg hatt med meg dette behovet for å lesa og skriva. Etter at eg slutta å vera yrkesaktiv, har skrivinga fått større og større plass i livet mitt.

Skriving er for meg å læra, å tileigna meg ny kunnskap og innsikt. Gjennom skriving kan eg undersøka og finna ut av korleis ting er sett saman og verkar. Eg vil vita meir om mennesket, som intellektuelt og emosjonelt vesen, gåta mennesket som alltid er her blant oss, som vandrar mellom oss. Eg les og skriv om relasjonar mellom menneske, om kjærleik og hat, om lengselen etter nærleik, om behovet for å forstå.

Eg liker særleg godt å skriva fiksjon. Forteljingar, romanar. Og dikt. Stemningsbilete, augneblinkar, tilstandar innanfor det psykiske. Kjærleik, lengsel, vonbrot, innsikter – alt kan vera åndeleg føde for den som arbeider med kreativ skriving!

Det kan kanskje seiast så enkelt som dette: Prosjektet mitt som lærande menneske handlar om finna ut og forstå. Meg sjølv, livet, andre menneske – og kvifor menneska gjer som dei gjer mot kvarandre. På godt og vondt.

Det handlar om å prøva å forstå, så lenge eg lever.

Publisert: