Eg føler meg utfryst og tvungen

Med ein gong eg seier eg er uvaksinert, ser folk ned på meg.

Regjeringa har opna for at kommunane på eige grunnlag kan vurdera bruk av koronapass.
  • Isak Langeland
    Bergen
Publisert Publisert
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Eg er 23 år og føler meg utfryst og sett ned på av samfunnet. På pressekonferansen 12. november la statsminister Jonas Gahr Støre fram at koronasertifikatet snart kan takast i bruk i Noreg. Det læt som søt musikk i øyra til enkelte ordførarar, enkelte plassar og byar i landet.

Eg har teke eit val, for meg var ikkje dette ei like behageleg nyheit. Eg har teke valet om å ikkje ta vaksinen på grunn av samfunnet og folket sine meiningar og diverse årsaker. Eg har hatt vener som har blitt sjuke og dårlege etter andre dose. Eg har teke eit val og står for dette!

Isak Langeland meiner innføringa av koronapass reiser fleire juridiske spørsmål.

Det uroar meg korleis samfunnet ser på meg. Eg blir sett ned på med ein gong eg seier at eg er uvaksinert. For min del er tvang det siste eg ynskjer å føle på, men kva for andre utvegar har eg dersom eg ynskjer å vere ein del av samfunnet vårt? Det kjennest ikkje lenger som mitt val.

Eg er på ingen måte ein vaksinemotstandar. Eg forstår kvifor så mange tek den, men òg dei som ikkje tek den. Eg er skeptisk til innføringa av koronapass. Dette passet reiser nokre svært ubehagelege juridiske spørsmål og kan skape alvorlege motsetningar folk imellom, som det kan ta lang tid å reparere.

Med det meiner eg at bruken av eit slikt pass kan medverke til å skape ei deling av befolkninga. Det blir veldig synleg kva for personlege val ein tek. Kanskje kan ikkje unge lenger leike med kvarandre, og venskap går i stykke. Dette kan forsterke syndebukk-effekten.

Det er vanskelege spørsmål. Ubehaget har eg kjent på lenge. Eg følte det før saka om koronapasset kom opp, og det syntest eg vert for dumt og trist. Eg vel å halde kjeft i enkelte samanhengar. Eg blir sett på som ein idiot, og at det er min feil at folk blir smitta. Det gjer det endå tyngre at eg må føle på å bere ei byrde.

BT RETTAR: I det andre avsnittet i brødteksten er ordet «alvorleg» redigert bort etter publisering, før «sjuke og dårlege». Endringa blei gjort 24. november kl. 08.41.

  • Støttar du retten til å velje bort vaksinen? Sei di meining i kommentarfeltet! (Sidan vi veit at diskusjonar om vaksinar kan bli oppheta, minner vi om at vi ikkje tillèt personåtak. Regelbrot kan føre til permanent utestenging. Diskuter på ein sakleg måte, er de greie.)
Publisert
  1. Koronaviruset
  2. Samfunnet
  3. koronavaksine
  4. Demokrati
  5. Vaksine

Les mer om dette temaet

  1. – Jeg takket nei til vaksinen. Reaksjonene jeg fikk, skremmer meg.

  2. FHI ville nå ut til folk om vaksiner. Da tok det fyr på Facebook.

  3. «No er det riktig å ta i bruk koronapass»

  4. Slik strammer regjeringen inn

BT anbefaler

Leiligheten på Laksevåg kan ikke selges. – Jeg trodde megleren hadde gjort en feil.

Da Pål Nilsen (32) og samboer Birgitte Skår (31) skulle flytte inn i ny leilighet i 2019, fikk de beskjed om at den…

LES SAKEN