Tilpassa opplæring må vere ein rett - også for flyktningar

DEBATT: Plutseleg er det forventa at flyktningane skal klare alle faga, utan anna tilrettelegging enn to ekstra norsktimar i veka.

TIDLEG INNSATS: Personar som ikkje bidrar i samfunnet, kostar årleg staten millionbeløp per individ. Tidleg innsats i barnehage og skule vil koste meir i starten, men vil kunne ha positive økonomiske ringverknadar over eit lengre tidsperspektiv, skriv innsendaren. Scanpix / picture alliance

Debattinnlegg

Elise Sundal
For klubbstyret i Utdanningsforbundet, Kvinnherad vidaregåande skule

Tenk deg at du må sitje i eit klasserom dag ut og dag inn utan å ha utbytte av det som skjer. Du forstår ikkje kva det blir undervist om, og du klarar ikkje å utføre oppgåvene som blir gitt. Slik har mange av våre ungdommar det.

Dette er ungdommar som har hatt kort butid i Noreg, og som dermed lita tid til å lære det norske språket. I møte med vidaregåande opplæring er systemet slik at dei skal klare det same som «normaleleven». Alle kan forstå at dette er ei vanskeleg oppgåve både for elevane det gjeld, medelevar og lærarar.

Dette innlegget er om flyktningar som har kome til landet etter flyktningkrisa som starta i 2015. Vi som skriv dette, er lærarar ved Kvinnherad vidaregåande skule. At vi bur i distriktet, gjer at vi dessverre ikkje kan ha det same tilbodet som for eksempel Bergen, med bruk av tolk i undervisinga og eigne studietilbod for minoritetsspråklege elevar som treng ekstra oppfylging.

Les også

Maksgrense løyser ikkje språkproblem

Vi har i fleire år hatt elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn ved skulen vår, men det har aldri vore så mange som i år. I 2015 tok kommunen vår imot mange einslege mindreårige flyktningar og familiar. Det er først dette skuleåret at mange ungdomar frå denne gruppa er komen inn i skulen hos oss.

Ungdommane er plasserte rundt i ordinære klassar, både på yrkesfag og studiespesialiserande. Veldig ofte har dei høge mål og eit ynskje om å få ei utdanning, men dessverre manglar mange av dei forkunnskapar for å kunne fylgje den ordinære undervisninga.

Norsk språk vil sjølvsagt vere vanskeleg etter å ha budd i landet i berre eitt til tre år, men mange har for eksempel ikkje hatt undervisning i engelsk eller matematikk tidlegare. Skriftspråket er òg nytt for dei fleste, gjerne med eit heilt nytt alfabet.

No er det plutseleg forventa at dei skal klare alle faga dei møter i skulen, utan anna tilrettelegging enn to ekstra norsktimar i veka. Sjølvsagt vil dette utgangspunktet føre til stort fråfall. Forsking støttar òg dette faktum.

Kartleggingsprøven vi har i engelsk, norsk og matematikk i vidaregåande skule er for vanskeleg i forhold til kunnskapsnivået til mange av dei minoritetsspråklege elevane. Det blir ikkje teke omsyn til. Heller ikkje at oppgåvene i ein minstemålsplan er altfor vanskelege for elevar som har store hol å fylla i basisfaga.

Lærarane ved vår skule har ved fleire høve teke opp kva vi kan gjera for å møta desse elevane på best mogleg måte, og vi har etterlyst meir midlar til å gje dei grunnleggjande opplæring som vi ikkje har høve til i ein ordinær klasseromssituasjon. Men svara vi får, er lite tilfredsstillande. Så lenge skulen har hatt ein kartleggingsprøve i basisfaga med oppgåver utifrå ein minstemålsplan i faga, og rådgjeve elevane til å ta vg1 over to år, har skulen gjort sin jobb, ifylgje arbeidsgjevar.

Å sitje i eit klasserom dag ut og dag inn utan å forstå innhaldet i undervisninga eller kva oppgåvene handlar om, er ein uhaldbar situasjon - uansett kva bakgrunn ein har. Og vi lærarar føler dagleg at vi sviktar desse elevane.

Lojaliteten til lærarane ligg hos elevane for å fremje deira beste, står det i Lærarprofesjonen si etiske plattform (Utdanningsforbundet, 2012). Det står òg at alle elevar skal føle meistring i skuledagen, og at lærarar skal ta ansvar for å varsle når rammevilkåra skapar tilhøve som ikkje er fagleg og etisk forsvarlege.

Akkurat derfor skriv vi dette innlegget no. Vi gjer ikkje jobben vår viss vi ikkje varslar om tilhøve som vi ikkje kan stå inne for sjølve.

Vi må heller ikkje gløyme at dette er elevar med ein ryggsekk full av opplevingar, som dei fleste ikkje kan førestille seg. Både det som har skjedd i heimlandet og flukta frå krig og elende, gjer at dei treng ekstra støtte og oppfylging.

Les også

Hvem er best på integrering i Norden? Ny statistikk skal gi svaret.

På regjeringa sine nettsider regjeringen.no, under «Regjeringens mål for integrering», kan ein lese at staten har som mål at alle som bur i Noreg skal få bruka ressursane sine og bidra til fellesskapet. Vellukka integrering får vi viss flyktningar får bidra med sine kunnskapar innan utdanning, jobb, politikk og frivillige organisasjonar. For at dette skal skje, må òg staten leggje til rette for at flyktningar får ei forsvarleg opplæring i grunnskule- og vidaregåande opplæring.

Når staten først har teke på seg ansvaret med å ta imot flyktningar etter flyktningkrisa i 2015, må staten leggje til rette for at kommunane og fylkeskommunane har dei midlane som trengs for å gje desse elevane ei tilpassa opplæring.

Alle veit kor viktig ei utdanning er for at ein person skal kunne bidra til verdiskaping i samfunnet som vaksen. At barn med innvandrarbakgrunn får mangelfull utdanning, vil kunne vere til hinder for vidare deltaking i utdanning og arbeidsliv. I neste omgang vil det kunne ha negativ betydning for enkeltindividets inntektsgrunnlag, psykiske helse og livskvalitet.

Mangelfull utdanning for denne gruppa kan òg gje samfunnet utgifter til trygder, stønadar og helsetenester. Svak tilknyting til arbeidslivet kan føre til auka kriminalitet, lågare produktivitet og lågare deltaking på ulike samfunnsarenaer.

Personar som ikkje bidrar i samfunnet, kostar årleg staten millionbeløp per individ. Tidleg innsats i barnehage og skule vil koste meir i starten, men vil kunne ha positive økonomiske ringverknadar over eit lengre tidsperspektiv.

Dei aller fleste lærarar vil med jamne mellomrom møte elevar med innvandrarbakgrunn. Difor må dei få tilbod om kurs i korleis ein kan undervise slike elevar, for veldig mange lærarar har ikkje nokon utdanning eller kursing i det. Sjølv om opplæring av lærarane vil koste staten ein del pengar, vil det svare seg økonomisk på sikt.

Vi etterlyser at flyktningar blir kartlagde når dei kjem til landet for å finna ut kva dei har av forkunnskapar. Det må bli løyvd øyremerkte midlar til å gje desse elevane ei tilpassa opplæring utifrå deira behov. Ikkje berre i norsk, men i alle basisfaga. Tilbodet ein får, skal ikkje vere avhengig av om ein bur ute i distriktet eller i ein storby. Dette må vere ein rett alle skal ha.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg