Filmbransjen saknar publikum sårt

Er det slik at norsk film har meir pengar enn talent?

VELDIG KOSTBAR: Sonja-filmen, med Ine Marie Wilmann i hovudrolla, er ein økonomisk katastrofe. Med budsjett på kring 70 millionar kroner, pluss marknadsføring, endar samla sum på kring 100 millionar kroner, skriv Randi Førsund. Adi Marineci

Debattinnlegg

Randi Førsund
Filmskapar

Laurdag 16. februar skal den gjeve Gullbjørnen delast ut under årets filmfestival i Berlin. Noreg er fokusland under Berlinalen, som arrangerast for 69. gong dette året.

Ein på mange måtar stor og viktig festival. Men det hjelper ikkje med festivalar og prisnominasjonar og eventuelle tildelingar om ein ikkje lukkast i å vinne det aller viktigaste: Publikum.

Film er den dyraste måten du kan fortelje ei historie på. Norske filmar lukkast sjeldan eller aldri i å vinne publikum internasjonalt.

Sjølv filmselskap som står med begge beina i tildelingssystema til norsk film, går konkurs.

Les også

Hollywood vil filme på Vestlandet. Men potten er tom.

Hadde Norsk filminstitutt (NFI) hatt hovudkontor ein annan stad enn Oslo, hadde det neppe gått forbi utan kilometer på kilometer med kronikkar i riksmedia.

Hadde NFI vore lokalisert ein annan stad enn i Oslo, hadde vi kan hende endeleg fått fortalt dei store og viktige krigshistoriene frå Finnmark og Nord-Noreg som framleis ligg ufortalt. Frå førstehandskjelder og deira etterkomarar som faktisk opplevde og erfarte med eigne sinn og kroppar.

I staden kjem den eine filmen og TV-serien etter den andre om kong Haakon.

Kva er greia her? Det er ingen utanfor våre strender som anar kven kong Haakon var. Då eg studerte i Edinburgh på slutten av 90-talet med ungdom frå heile verda, visste knapt nokon, korkje lokale eller lenger vekke, at Noreg hadde kongefamilie.

Så har vi nyleg høyrt om ein veldig kostbar film om skøytedivaen, den korte tida det varte for ein del tiår sidan, Sonja Henie.

Med kvinneleg regissør kan NFI skryte av høg prosentdel kvinner i ansvarlege posisjonar. Men også her går det dårleg med publikum og inntening.

Sonja-filmen er ein økonomisk katastrofe. Med budsjett på kring 70 millionar kroner, pluss marknadsføring, endar samla sum på kring 100 millionar kroner.

Les også

Aurora sang for filmbransjen i Berlin

Kor stor del av dette er midlar frå private investorar? Det rare er at ingen av dei store medieaktørane nemner dette med eitt ord.

Viss NFI hadde flytta hovudkontoret sitt til Førde eller Bergen, hadde det vore høglydte protestar. Men kva skal ein skulde på når alt ligg i hovudstaden? Er det slik at norsk film har meir pengar enn talent?

Korleis kan ein bransje som lever av å formidle historier overleve utan publikum?

Sjef for internasjonale satsingar hjå Norsk filminstitutt, Dag Asbjørnsen, nemner i intervju med Aftenposten førre veke festivalprisar, uttaking til festivalar og sal til andre land som indikatorar på kva ein filmsuksess eigentleg er.

Men ingen av desse kriteria krev publikum. Desse filmane kan like gjerne vere publikumstaparar.

Les også

James Baldwins fortelling er fremdeles provoserende aktuell

I dagens informasjons- og teknologisamfunn kan heller ikkje Asbjørnsen fortelje korleis det står til med dei internasjonale sjåartala for norske filmar.

Men i 2019 har vi kome så langt at vi klarar rekne oss fram til at filmproduksjonar som ikkje tener pengar, ikkje er ein suksess. Korleis skal ein byggje ei næring som lever av å underhalde når kinosalane står tomme? Er det på tide å tenkje nytt i norsk film, slik som dei gjer i idretten når resultata uteblir?

Kva med å flytte Norsk filminstitutt ut av Oslo? Vestland, Vestland, kan du gjere det betre?

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg