Nei, livet har ikkje vendt tilbake til normalen

Eg er ganske skremd i denne koronasituasjonen. Ikkje for å bli smitta og sjuk, men for kor fort folk vender tilbake til ein slags normal, medan pandemien framleis er i startgropa.

Publisert Publisert

Altfor mange i menn i alderen 50+ tar ikkje pandemien på alvor, skriv Roar Ulvestad. Foto: Tuva Wallem Skare

Debattinnlegg

  • Roar Ulvestad
    Bergen
  1. Leserne mener
iconDenne artikkelen er ti dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt livesenter for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til livesenteret

Eg er ikkje i karantene, men held meg heime mest mogeleg. Heimekontor, Netflix og ein frysar som var full til og med før vi hadde høyrt om korona, gjer det langt på veg mogeleg å halde seg vekke frå potensielle smittesituasjonar. Nokre få turar på butikken har det likevel blitt, og ein i husstanden har ein jobb som ikkje tillèt heimekontor. Dermed har vi fått litt innblikk i andre sin åtferd. Der kjem det skremmande inn i biletet.

Ungdommar som kjedar seg går rundt og driv på butikken og tar på ting i hyllene som dei ikkje har tenkt å kjøpe.

Heile ungdomsgrupper går rundt i gatene medan dei hoiar og knuffar som om det var ein heilt vanleg dag i tenåringslivet.

Vaksne samlast på vinkveldar og lever det gode Amarone-liv og ikkje det solidariske Korona-liv.

Les også

Smittevernekspert: Slik beskytter du deg i matbutikken

Eg er sjølv berre middels panisk, men følgjer råd om handvask, spriting, bruk av eingongshanskar og god avstand til andre. Om prisen for å vere sosial på lang sikt er å vere asosial og keie meg på kort sikt, er det ein låg pris. Kvar og ein som gamblar med hygiene og åtferd i det offentlege rom, gamblar med liv og død for dei som er i risikosone. Betaler du ein vinkveld med gode vener med dødsfallet til ein av dei?

Statistikken viser at det er menn som er hardast råka. Mykje er nok skulda risikoåtferd og at ein kan ikkje slutte å tøffe seg i forstaden berre det blir spreidd eit lite virus utan kjende lækjemiddel.

Livet er omtrent som vanleg på butikkar som Biltema, skriv innsendaren. Foto: Roar Christiansen (arkiv)

Eg var skamfullt nok ein lyntur inne på Biltema, som rett og slett må vere høgborga til machogutane på 50+ i forstaden. Her går livet som vanleg. Eg held god avstand til alle tøffingane, og kunne fastslå at eg var dagens pingle, ikledd eingongshanskar i ein horde av mannfolk med berre knokar. Kjøpe drit til garasjen must go on.

Dei eldste blir ikkje yngre, vert det sagt. Dei vert ikkje glupare heller. No er det på tide å skjerpe seg, elles kjem Darwin til å gjere eit markant innhogg i flokken av kvardagsheltar med nye kappsager, røyrdelar og unbrakonøklar frå mannebutikken.

Kva skal til for at de skjøner alvoret? Når dei ligg der i kvite laken og hiv etter pusten, ramlar det gjerne inn eit poeng, medan ein tenkjer på veggen som skulle vore måla og sommardekka som skulle ha vore på.

Vil du vere tøff, ver solidarisk.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg