Regjeringa lokkar med luftpengar

Dette trugar framdrifta av Bybanen til Åsane.

UKLAR AVTALE: SVs fylkesordførarkandidat er kritisk til regjeringas bompengeavtale. Ørjan Deisz

Debattinnlegg

Marthe Hammer
Fylkesordførarkandidat for Vestland SV Nestleiar i utval for miljø og samferdsle Hordaland fylkesting (SV)

I BT 27. august kappast Ap, Venstre, Høgre og KrF om å fordele regjeringa sine lovnader om prisreduksjon og fleire avgangar på Bybanen som følgje av bompengeavtalen. Og BT følgjer opp på leiarplass 29. august med at det blir «lettare å bygge ut Bybanen og billigare å reise kollektivt etter forliket i regjeringa».

Men dette er ikkje anna enn spel frå regjeringa ei veke før valet. Og lokal- og fylkespolitikarane bit på! Regjeringa deler ut dei gode korta alt ettersom det passar dei, men den totale pakka vert halden hemmeleg og uklar. Per i dag er det ingen offentleg informasjon på regjeringa sine sider som seier noko som helst om denne avtalen.

Vil ein lese avtalen, må ein gå på nettsidene til Høgre og Frp, og når ein les avtalen, så er han høgst ullen og uklar. Det viktigaste styringsmålet om nullvekst vert utfordra gjennom å leggje restriksjonar på byane sitt handlingsrom til å regulere bompengar og rushtid, for å sikre rein byluft og god trafikkavvikling.

Faktum er at det er ingen lovnader i avtalen om ein reell auke i finansiering. For når lokkekortet om reduserte prisar og bybane til Spelhaugen vart delt ut, sa dei ingenting om at bompengeavtalen set realiseringa av bybane til Åsane i fare. For denne er ikkje del av dagens byvekstavtale, men skal forhandlast om i ny pakke. I regjeringa sin avtale vert det no stilt vilkår om 20 prosent eigendel frå fylkeskommune og kommune, som eksplisitt ikkje er bompengar.

Ja, eg les at Venstre og Høgre seier at kravet ikkje gjeld Bybanen, men så lenge avtalen ikkje eksplisitt slår dette fast, er det uklart. Og kravet er dramatisk. Er det midlane til vidaregåande skule, kollektivtrafikk, eller til vedlikehald av fylkesvegane vi må ta frå, for å stille med eigendelen i neste forhandling?

Desse midlane finst ikkje, og gjeldsgraden er allereie alt for høg på grunn av bybaneutbygginga til no.

Regjeringa kunne ha kome med desse midlane i heile inneverande periode, i dei reelle forhandlingane med alle korta på bordet, men då skjedde det ingenting. No, ei veke før valet, legg regjeringa ut lokkekort med luftpengar, men realiteten er at dette trugar framdrifta av det viktigaste byutviklingsprosjektet i heile Bergen, nemleg Bybanen til Åsane.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg