Vestland er eit tvangsekteskap. Berre namnet på ektesenga gjev avsmak.

Avtalen om Vestland fylke er eit maktovergrep, basert på tjuvtriks og bondefangeri.

Publisert:

STOPP: Rolf Losnegård meiner at det ikkje er for seint å gjere opprør mot fylkessamanslåinga. Foto: Tor Høvik (arkiv)

Debattinnlegg

Rolf Losnegård

BT-kommentator Jens Kihl hadde 15. august ein avslørande og grundig gjennomgang av det store bondefangeriet. Samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane til nye Vestland fylke.

Skildringa av både prosessen og framtidsutsiktene for «småfylket» i ekteskap med «storfylket», var ei oppsummering i klartekst av kva dei fleste småfylkingar så altfor godt veit gjennom lang erfaring: Hordalands- og bergensdominans. Ikkje nødvendigvis av vond vilje, meir av mangel på kunnskap og interesse.

Vi er alle sunnfjordingar for Vårherre, er eit gammalt munnhell. Eit nytt kunne vere: vi er alle sogningar for bergensarane. Dei har aldri interessert seg for at det faktisk også finst sunnfjordingar og nordfjordingar i småfylket, trass i at forfedrane deira i mange tilfelle kom derifrå.

Les også

LES OGSÅ: Landet i skuggen av Bergen

Så kvifor har vi hamna i dette nederlagsdømde ekteskapet? Og attpå til frivillig! Det er det eine interessante spørsmålet. Det andre, som er eit hovudpoeng for Jens Kihl: kvifor i alle dagar gjer vi ikkje opprør, slik dei har gjort i Troms og Finnmark?

Til det første poenget – «frivillig». Med kva rett brukar ein ordet frivillig om ein avtale som meir eller mindre er kokt saman på bakrommet av fylkesordførarane Jenny Følling (Sp) og Anne Gine Hestetun (Ap), og vedteken i panikk for ei venta tvangssamanslåing?

Korleis kan ein bruke ordet frivillig om ein avtale og prosess som folket i Sogn og Fjordane aldri har fått seie si meining om i val eller folkerøysting? Er det ein rettferdig og god avtale som bygger på falske føresetnader og luftige lovnader om overføring av makt og statlege arbeidsplassar?

STORFYLKE: Folk i Sogn og Fjordane er oppgitte og mange forbanna. Vi har ikkje tru på Vestland og synest det heile er bortkasta tid og pengar, skriv Rolf Losnegård. Foto: David Zadig

Slikt kallast vanlegvis lureri, tjuvtriks og bondefangeri. Striden om kraftaksjane har sterke element av det siste. Brura si medgift er alltid interessant for brudgommen i slike frivillige tvangsekteskap.

Konklusjonen må uansett vere at det ikkje er inngått noko frivillig avtale, og at vi derfor må stillast likt med Finnmark og Troms.

Les også

SVAR FRÅ JENNY FØLLING: Klokt av Sogn og Fjordane å setje seg i førarsetet frå starten

Kvifor har ikkje vi småfylkingar gjort opprør? Fordi alt skjedde så fort og langt inne på bakrommet med minimalt innsyn. Vi veljarar blei handlingslamma av å bli lurte av våre eigne tillitsvalde. Det blir påstått at vi handla frivillig. Handla frivillig? Vi har jo ikkje handla i det heile.

Vi har ikkje hatt høve til å ta stilling til korkje avgjerda om samanslåing, for ikkje å snakke om avtalen. Vi vart umyndiggjorde og parkerte på sidelinja i eit spørsmål som for ein kvar organisasjon ville ha kravd ekstraordinær generalforsamling og ¾ fleirtal, nemleg at laget skulle slutte å eksistere.

For Sogn og Fjordane var det det viktigaste vedtaket på 250 år, då fylket blei oppretta, om fylket skulle fortsette å eksistere. Og dette vart vedteke av nokre vinglande politikarar, eit Ap som ombestemte seg på vegen, men ikkje fekk ombestemme seg likevel. Ein solid og grundig prosess for eit såpass viktig vedtak? Er handlingslamminga over? Kjem opprøret for seint?

Eit par års håplaus prosess seinare og mange millionar vekk-kasta pengar, veks frustrasjonen. Folk er oppgitt og mange forbanna. Vi har ikkje tru på prosjektet og synest det heile er bortkasta tid og pengar. Og vi er redde for at kjøtvekta vil bestemme framtida for småfylket. Ei framtid fylt av unødvendige dragkampar og nederlag grunna manglande kunnskap og respekt frå storfylket si side.

Småfylket kjem truleg til å miste styring over det vidaregåande skuleverket og kulturinstitusjonar som desse: Den kulturelle skulesekken, Fylkesbiblioteket, Sogn og Fjordane Teater og NRK Sogn og Fjordane.

Dette er institusjonar som har prova sin høge kvalitet og fått solid fotfeste i fylket vårt.

Les også

Kaksane på fylket

Jenny Følling påstår at vi skal få behalde lokalkontoret til NRK, men kor stor vekt vil styret i NRK legge på meininga til ein fylkesordførar som frivillig har lagt fylket sitt ned?

Det er seint, men aldri for seint til å gjere opprør mot dette maktovergrepet. Eg har sjølv meldt meg inn i den raskt veksande facebookgruppa Stopp Vestland, og vil oppmode alle – både småfylkingar og storfylkingar – om å gjere det same.

Ved fylkestingsvalet bør ein merke seg dei kandidatar som kan tenkjast å jobbe for skilsmisse i dette uvettige, frivillige tvangsekteskapet. Berre namnet på ektesenga – Vestland – gjev avsmak!

Rolf Losnegård står på lista til Askvoll SV.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg