Det er langt til Oslo, men lengre til Eid

Frykta for naboen er større enn frykta for sentralmakta. Det blir distrikta si bane, om vi ikkje riggar Kommune-Noreg for framtida.

Publisert Publisert

BYGDEIDYLL: Byane veks, og store delar av Noreg ligg i ei kommunal kuvøse av bygdeidyll og lokalpatriotisme, skriv Peder Lofnes Hauge. Foto: Oddleiv Apneseth

Debattinnlegg

  • Peder Lofnes Hauge
    Kommunestyrerepresentant, Gloppen (V)
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

**Moderniseringsministeren** skal modernisere Kommune-Noreg. Motvilje frå distrikta er den sikraste vegen til meir sentralisering. Det bør distrikts-Noreg ta innover seg. Mange er skeptiske. Det bør ministeren ta innover seg. Han må kommunisere betre kva reforma handlar om, om ikkje ho skal ende i tapte lokale folkerøystingar og kommunal vrangvilje.

I Gloppen kommune, der eg kjem frå, er fleire redde for at nabokommunane, og særleg Eid, skal stikke av med alt etter ei kommunesamanslåing. Det er ikkje så rart når folk står i kø for å fortelje dei at kommunar vil «forsvinne i Sanners store sentraliseringsreform». Fremst i køen står dei som har sytt for at dei fleste nye statlege arbeidsplassane dei siste åra har hamna i Oslo.

Mange små og mellomstore kommunar leverer gode tenester i dag, og brukarane er stort sett nøgde. Det er vel og bra. Men denne reforma handlar om framtida; om fagmiljø, tilflytting og nye oppgåver. Det er ikkje slik at tenester ikkje lenger skal leverast der folk bur. Det er heller ikkje slik at innbyggjarane i Gloppen ikkje lenger får innverknad over eigen kvardag.

Les også

Å vestland, vestland

Spørsmålet er ikkje om makta skal vere i Gloppen eller i Eid, men om ho skal vere i Nordfjord eller i Oslo.

Dagens kommunestruktur har vore meir eller mindre uendra sidan sekstitalet. Om lag halvparten av norske kommunar har under fem tusen innbyggjarar. 75 prosent av befolkninga bur i dei hundre største. Gloppen, med sine nesten seks tusen innbyggjarar, har ansvar for dei same oppgåvene som Bergen.

Dei fleste kommunane i Noreg har sett seg nøydde til å inngå fleire interkommunale samarbeid, som legevaktteneste og PPT. Nærare to hundre kommunar samarbeider om barnevern. Vi får stadig fleire interkommunale kviser på demokratiet si rumpe. Makt blir flytta ut av kommunestyresalen og inn i styrerom.

Kommunegjelda veks og det lokale handlingsrommet blir mindre. Vi blir i praksis styrt meir frå Oslo, men fryktar framleis naboen. Bortsett frå når vi inngår interkommunale samarbeid med dei då, sjølvsagt.

Byane veks, og store delar av Noreg ligg i ei kommunal kuvøse av bygdeidyll og lokalpatriotisme. For mange er kommunegrensene den tilsynelatande fremste identitetsmarkøren. Mi tilhøyrsle til Gloppen er ikkje definert av kven som var skuleeigar for skulen eg gjekk på, eller kven som betalte løna til læraren min. Ho er definert av relasjonar til familie, vener og naboar. Til kultur og historie. Til idrettslaget, korpset og festivalar. Ingen ting av dette forsvinn med nye kommunegrenser.

Les også

Sett fra øyene

Debatten om kommunestruktur er redusert til eit spørsmål om tvang eller ikkje. Som om ikkje Kommune-Noreg opplever tvang kvar einaste dag. 169 stortingsrepresentantar styrer, medan tusenvis av lokalt folkevalde driv lokalpolitikk i statlege tvangstrøyer.

Dei fleste kronene staten tar frå borgarane og gir tilbake til kommunane er bunde opp i øyremerkte tilskot og lovpålagde oppgåver. Handlingsrommet er lite, og maktesløysa rår. Distrikts-Noreg kan velje: Vi kan sitje stille å sjå på at sentraliseringa går sin gang, eller vi kan rigge kommunane til faktisk å kunne ta over fleire oppgåver og styre meir sjølv.

Skal vi lukkast med å flytte makt og mynde nærare borgarane må vi ha store nok einingar som kan få nye oppgåver. Spreidd busetnad og levedyktige distriktskommunar også i framtida fordrar at vi lukkast med tilflytting og rekruttering. Dagens unge er kravstore og vil ha attraktive arbeidsplassar og større fagmiljø. Kommunar med fleire juristar og arkitektar. Bibliotekarar i heile stillingar.

Eg trur vi best kjem oss dit ved å slutte å frykte nabokommunane våre, og innsjå at vi saman kan vere sterke nok til faktisk å styre meir over eigen kvardag.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg