Alkohol på jobb burde vere ulovleg

Det vil ha null effekt å påleggje alkoholavhengige og tafsarar å ta ansvaret åleine.

Publisert:

ALKOHOLFRI JOBB: Har ein først starta å drikke, kan det vere vanskeleg å stoppe, meiner Øygunn Leite Kallevik, som føreslår ei endring i arbeidsmiljølova. Foto: Nejad Arash A

Debattinnlegg

Øygunn Leite Kallevik
Listekandidat for Bergen KrF

Frøy Gudbrandsen skriv i BT 6. januar 2018 at folk må ta ansvar for eiga tafsing og at mengde alkohol må tilpassast etter kor mykje ein vanlegvis tafsar.

Det blir nyttelaust å krevje at folk som slit med å oppføre seg under påverking av alkohol må ta ansvaret åleine. Det vil ikkje fungere. Her må vi gjere ein fellesdugnad, der eit forbod mot alkohol i jobbsamanheng burde vere ei opplagt løysing.

Diverre blir mange som har representasjon som ein del av jobben, utsett for alkohol i mange samanhengar. Ein alkoholglad tafsar ville allereie ha fått problem ved inngangsdøra. Å sjå vertskapet i kvitauget og å spørje etter den alkoholfrie varianten, er det berre uhøflege folk som meg som gjer.

Maten vert servert. Midt i ein entusiastisk samtale med naboen, bør så tafsaren stoppe kelneren i skjenkinga, og be om alkoholfritt? Har ein først starta, er det jo ikkje alltid like lett å stoppe.

Gratis alkohol ser ut til å smake best, sjølv for dei med stor lommebok.

Les også

Solberg: Dette er en lei sak for både Tonning Riise og Høyre

Korleis har det blitt godteke at fellesskapet sponsar alkohol til tilsette i middels og høgare sosiale lag? Og det medan dei er på jobb.

Korleis kan vi akseptere at desse blir utsett for presset til å drikke til ei kvar tid? Kor mange alkoholikarars skjebnar kunne vi ha unngått om dei slapp å bli servert alkohol på jobb? Dei fleste av oss kjenner kanskje eit menneske som har opplevd at både familie og jobb ryk nettopp på grunn av dette.

Dessutan er edrue kvinner kanskje også mindre freistande å tafse på enn dei som blir godt rusa og kanskje litt meir sårbare?

At ingen har tenkt på dette før.

Spaltist Kjetil Rolness utfordrar Ap-leiar Jonas Gahr Støre til å innføre nulltoleranse for fyll på partiarrangement i Dagbladet 6. januar. Problemet er langt større enn berre Arbeidarpartiet sine arrangement. Og kven skulle hatt jobben med å halde kontroll på fyllefantane og deretter foreslå suspensjon?

Dette hadde nok blitt ei ettertrakta rolle.

Folk må berre drikke hemningslaust privat, men mitt forslag er at det kjem ei linje inn i arbeidsmiljølova som gjer det ulovleg å nyte alkohol i jobbsamanheng.

Vi treng ein ny Dagfinn Høybråten (KrF) som er villig til å gå i elden for ei sak som er minst like opplagt som røykjelova.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg