Tvang den nye makta?

Regionreforma syner eit merkeleg maktspel.

Publisert: Publisert:

PLANEN: Regjeringa tvingar gjennom dei nye regionane i strid med folkemeininga, skriv innsendaren. Illustrasjon: Hordaland fylkeskommune

Debattinnlegg

Randi Førsund
Filmskapar

Ord og omgrep blir nytta for å samle Noreg på nytt i nye regionar med auka makt og innverknad til eiga fordel. Men regionane vil ikkje.

Regiongildet starta med tvangssamanslåingar av kommunar til høgrøysta motstand og heldt fram med enda meir dramatisk tvangssamanslåing av fylke til nye regionar. Kva slags retning er dette landet på veg? Trur regjeringa at tvang er løysinga for å utvikle og byggje landet? For fylke som Sogn og Fjordane og Finnmark, som er ulike som natt og dag, vil regionreforma flytte maktsentraliseringa frå Oslo til Bergen eller Tromsø. Desse fylka vil uansett kome dårleg ut grunna folketal. Trur regjeringa at Finnmark har same utfordringar som fylka kring Oslo? Er alt likt fordi dei tilfeldigvis er oppdelt i ulike fylke? Er alle fylka like store med lik kultur og historie?

Tidlegare fylkesrådmann i Finnmark, Kurt Mosbakk, skreiv eit godt innlegg i Aftenposten 6. september om nedsnakkinga av Finnmark. At fylket ikkje kunne ta hand om seg sjølv fordi dei var for få og små og hadde for lite kompetanse. Slike påstandar er i beste fall forsøk på hersketeknikk som ikkje høyrer heime i ein regiondebatt.

Eller er det greitt å tvinge gjennom lovene sine framfor å nytte demokratiet og høyre på folket?

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg