Sysselsetjing er ei enorm oppgåve

Sjølv om arbeidsløysa går ned, betyr ikkje det at jobbane folk får nå er like gode.

KRISESTEMNING: Jonas Gahr Støre (Ap) og LO-leiar Hans Christian Gabrielsen tok ikkje turen til Stord for å koma i krisestemning. Dei kom for ved sjølvsyn å få med seg den store industrielle aktiviteten som er på øya for tida, skriv Magne Rommetveit. Bård Bøe

Magne Rommetveit
1. kandidat, Hordaland Arbeiderparti

Jonas Gahr Støre og LO-leiar Hans Christian Gabrielsen var nyleg på Stord. Dei tok ikkje turen for å koma i krisestemning, som ein kan få inntrykk av ved å lesa Hans K. Mjelva sin kommentar i BT. Viss det var krisestemning dei var på leit etter, hadde det ikkje vore så vanskeleg å finna ein plass med tomme industrihallar å reisa til. Dei kom til Stord denne dagen for ved sjølvsyn å få med seg den store industrielle aktiviteten som er på øya for tida. Og dei kom ikkje minst for å lytta til Kværner, Statoil og dei tillitsvalde om kva som kan sikra landet vårt god industriell aktivitet også i tidene framover.

Les også

Hans K. Mjelva: Ikkje lett å skape krisestemning når det ikkje er krise

Det har slett ikkje alltid vore full aktivitet ved Kværner Stord. Som lokal ordførar i seksten år har eg på nært hald opplevd alt frå nærast Klondyketilstandar med tre-fire tusen tilreisande gjestearbeidarar til tunge og lange periodar med ordretørke og stor arbeidsløyse. Den siste tida har det begynt å gå betre i norsk oljerelatert industri. Men dessverre kan mange fortelja om at arbeidsvilkåra deira er blitt dårlegare enn før. Arbeidsfolk er leigde tilbake på lågare løn eller midlertidig kontrakt.

Sjølv om arbeidsløysa går ned, betyr ikkje det at jobbane folk får nå er like gode. Men det høyrer vi me lite om frå regjeringa.

Me har vore gjennom vanskelege tider der om lag 50.000 oljerelaterte arbeidsplassar har forsvunne. Sjølv Om me ser fleire lyspunkt, må me ikkje gøyma at over 8000 personar i Hordaland er heilt arbeidsledige ifølgje tal frå NAV. Nesten 2000 er på tiltak. Me som har jobb å gå til kjenner ikkje situasjonen på kroppen. Men det er folk og familiar det handlar om.

Les også

Overrasket over Ap-nedtur

Under den sitjande regjeringa er det knapt skapt arbeidsplassar i privat sektor. Framover må me bli endå betre til å bruka den teknologiske kompetansen som er opparbeidd i industrien til å skapa endå fleire arbeidsplassar her langs kysten vår. Arbeidarpartiet vil ikkje venta og sjå, men driva ein aktiv næringspolitikk. Og me vil bekjempa midlertidigheit og ufrivillig deltid.

Viss me om eitt tiår skal ha same sysselsetjing som i 2008 må me få 400.000 fleire i arbeid. Det er ei enorm oppgåve. Velferda vår er avhengig av at me løyser den. At folk har jobb er den beste garantien for eit godt liv.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg