Jo, me må kartleggje

Kor mykje kunnskap trur du barnet ditt ville hatt etter grunnskulen, dersom han eller ho aldri vart testa?

MÅ TESTE: Me må kartleggje og teste – men på ein fornuftig og motiverande måte som bidrar til utvikling, skriv kronikkforfattarene. Scanpix

  • Merete Steinsland
  • Karoline Waage Skår

Kjære foreldre, samfunn og alle som vil at norske elevar skal gjere det bra på skulen. Me er lærarstudentar og vil det same. Me vil at elevane skal ha eit godt læringsutbyte, lukkast i livet og at nokon av dei kan verte framtidas dyktige lærarar.

De som foreldre er oppteken av resultat. Gjerne brukar de borna til å skryte litt òg. «Nei, Mari gjorde det kjempebra i norsken, ja – læraren skrytte så mykje at – ja, nei, me er kjempestolte av Mari.» Det er fint. Men korleis skal læraren kunne skryte av Mari sine faglege kunnskapar utan å ha testa henne? Korleis skal læraren då leggje resultata på bordet?

No tenkjer dykk kanskje at det er enkelt å sjå utvikling. Ja, for det ser de jo heime rundt middagsbordet. At poden er vorte flink i matematikk, engelsk, samfunnsfag og så vidare. Me skjønar det. Men som lærar i ein klasse med 28 elevar, ser ikkje me på dagens antrekk eller frisyre at Mari og Mats har vorte flinkare i engelsk. At dei endeleg knakk lesekoden. At dei kan alle gongetabellane utanåt. Når me pratar med dei om kva dei gjorde på i helga, for ja – me er oppriktig interessert i å bli kjend med elevane, så høyrer me ikkje om dei kan bruke dobbel- og enkelkonsonant riktig når dei skriv. Om dei kan bruken av å/og. Om dei i det heile tatt brukar riktig teiknsetjing? Blir ein tatt på alvor i offentlege debattar og elles i samfunnet dersom ein ikkje meistrar dette i vaksenlivet?

Ifølgje forskrift til opplæringslova skal det vere kontakt mellom skule og heim, og de foreldre er oppteken av at de alltid skal kunne kontakte oss lærarar om bornas skulegang eller -arbeid. Sjølvsagt. Forventar de ikkje då at me har dokumentasjon å vise til? Når Mari byrjar på ungdomsskulen og brått får standpunktkarakter to i matematikk, tek det ikkje lang tid før telefonen ringjer og de ønskjer grunngjeving for den låge karakteren. Skal me ikkje då ha noko tidlegare testing av Mari å vise til?

Minst to gonger i året skal me ha desse planlagde samtalane, oss lærarar og foreldre – gjerne også med eleven til stades. Samtalen skal dreie seg om eleven si sosiale, men også nettopp faglege læring og utvikling. Me skal verte einige om kva eleven skal jobbe ekstra med framover. For å finne ut nettopp korleis barnet ditt fungerer fagleg treng vi testing. Testing er eit viktig tiltak i den lange læringsprosessen. Elevens kompetanse må dokumenterast – me må ha noko konkret å vise til når de bankar på døra vår.

Les også

Barnehagelærer: – Foreldre bør være mer kritiske til all kartleggingen

Når de kjem på utviklingssamtalar vil me gjerne fortelje dykk om utviklinga til Mari og Mats. Me vil fortelje dykk om deira faglege utvikling i kvart enkelt fag – kva som må jobbast meir med og på kva område borna klarar seg bra. Ligg dei under eller over gjennomsnittet? – spør de kanskje. Det kan me fortelje dykk viss me får lov å testa dei. Kva må dei øve meir på? Det kan me fortelje dykk viss me får lov å kartleggje og sjå kor langt dei faktisk er komen i leseprosessen; i rekning; i refleksjon i samfunnsfag.

I Kunnskapsløftet står «dei grunnleggjande ferdigheitene» sentralt. Dette er å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg, kunne lese og rekne, samt kunne bruke digitalt verktøy. Desse skal bidra til å utvikle elevane sin fagkompetanse. Då er dei vel ganske viktige då, eller? Ved testing kan me lærarar kartleggje om elevane har dei grunnleggjande ferdigheitene som trengst for å utvikle deira kompetanse vidare.

Det å teste er ein del av jobben vår. Bornas utvikling i alle fag, ser ikkje de som berre pratar kvardagsleg med barnet rundt middagsbordet, sjølv om du kjenner barnet ditt betre enn alle andre. Like eins er det umogeleg for oss å seie om barnet dykkar kan reglane i norsk, gongetabellen i matematikk eller om dei har lært noko om tema i andre fag, utan testing og kartlegging. Då kan me heller ikkje seie kva dei bør øve på heime. Og apropos heime – når barnet les leksa for dykk, er det ein slags kartlegging det òg. Øving, ja – men også kartlegging. De vert bevisst på kva som er enkelt, og kva som er vanskelegare for barnet når det kjem til lesing. Ubevisst er dykk ein del av det – og slik må det vere.

Under «tilpassa opplæring» i den generelle delen av læreplanen står det blant anna at læraren må bruke mangfaldet, variasjonen og breidda i klassen og skulen som ressurs for utvikling. Ein god skule og klasse skal gje rom for alle til å utvikle seg, og læraren må vise omtanke når nokon står fast, strevar og kan misse motet. Dette er noko me som framtidige lærarar skal ha fokus på. Skulen skal ta omsyn til at born og unge lærer på ulike måtar og i ulikt tempo, og at dei har forskjellige behov på ulike alderstrinn. Opplæringa skal tilpassast kvar elev. Korleis skal me lærarar vite kva nivå og tempo kvar elev ligg på utan å teste dei?

Les også

Jo, kartlegging kan være farlig!

Mangel på testing og kartlegging kan også få større konsekvensar. Elevar med ulike vanskar kan bli oppdaga seint i skuleløpet, og dermed ikkje få det me kallar «tidleg innsats» – altså hjelp i tide. Elevar som ligg på eit høgare nivå får ikkje nok utfordringar og vert gjerne umotivert, når dei kunne ha blomstra og utvikla seg. Ein skal ha auga for den einskilde, men i ein hektisk kvardag med 28 elevar må ein effektivisere nokre ting. Difor må testar og kartleggingsprogram takast i bruk for å sikre at alle elevar får den tilpassa opplæringa dei har krav på. Me tippar at de som foreldre også hadde hatt utfordringar med å sjå utvikling, nivå, vanskar og kva som blir for enkelt, dersom de hjelpte 28 elevar med lekser samstundes. Dersom ein er som ein, to er som ti, då er 28 som ...?

Me var vel einige om at me berre vil at borna våre skal få eit best mogeleg læringsutbyte? Best mogeleg tilpassa opplæring? Då trur me at me inst inne òg er einige om at me må kartleggje og teste – men på ein fornuftig og motiverande måte som bidrar til utvikling. Testing treng ikkje bety stress og ubehag. Det kan bety bevisstgjering rundt eiga læring og kunnskap. Me testar ikkje for å finne ut kor fagleg dårleg elevane er i matematikk – me testar for å finne ut korleis me kan styrke deira faglege kunnskapar og kompetanse – kva som må gjerast for at Mari skal klare seg best mogeleg i matematikk, og korleis me som lærarar kan hjelpe ho fram mot det. Ved testing finn me ut mykje på kort tid – på kva tidspunkt vart det ein negativ ting?

Kor mykje kunnskap trur du barnet ditt ville hatt etter grunnskulen, dersom han eller ho aldri vart testa? Ville han eller ho i det heile tatt fått riktig opplæring i høve til lova?

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg