Wara må svara

For eitt år sidan var det VG som sjokkerte med si kartlegging av ulovleg tvangsbruk i norsk psykiatri. No er det BT som dokumenterer at det same skjer i stor grad i norske fengsel.

MÅ TA ANSVAR: Det er fortvilande at vi har ein justisminister som rett og slett ikkje har skjønt alvoret, som ikkje stiller til intervju og som ikkje tar ansvar, skriv Kjersti Toppe (Sp). Berit Roald, NTB scanpix

  • Kjersti Toppe
    Stortingsrepresentant for Senterpartiet, Helsepolitisk talsperson

Ein viktig verdi i norsk helseteneste er at helsetenester skal gis etter behov, uavhengig av bakgrunn. Innsette i fengsel skal ha like gode helse og omsorgstenester som andre. Det får dei ikkje i dag. Alvorleg psykisk sjuke i fengsel blir plassert på sikkerheitscelle. Skadeleg bruk av isolasjon er utstrakt, skjer systematisk og er aukande, både når det gjeld varetektsfangar og innsette.

BT si kartlegging viser at i løpet av 2016 og 2017 blei innsette plassert på sikkerheitscelle eller lagt i belteseng 886 gongar. I nesten førti prosent av tilfella varte opphaldet i meir enn eitt døgn. Det lengste opphaldet BT fann, var på 16 døgn.

Les også

Problemet som ikke forsvinner

Praksisen er uhaldbar. Den har ført til at Norge blir kritisert av både FNs torturkomité og Norges nasjonale institusjon for menneskerettigheter (NIM) for brot på menneskerettar og brot på grunnlovas vern mot umenneskeleg eller nedverdigande behandling. Sivilombodsmann Aage Thor Falkanger reagerer og sterkt, og meiner at bruken av isolasjon i norske fengsel må avsluttast.

Fengselsleiar Håkan Melvold i Ringerike fengsel uttalar i same avis at når innsette er veldig dårleg psykisk, burde dei vore ein heilt annan plass enn i ei sikkerheitscelle i fengsel. Han har rett. Ingen politiske parti eller folkevalde kan forsvare det som skjer.

ISOLERT: Det er såre enkelt å ta avstand frå praksisen i norske fengsel, der innsette med psykisk sjukdom blir isolert og bunden, skriv Kjersti Toppe (Sp). Vegar Valde

Justis- og beredskapsminister Tor Mikkel Wara (Frp) er ansvarleg statsråd. I følgje BT vil han ikkje stille til intervju, men svarar på epost. Men kvifor gidd han ikkje stille til intervju? Wara svarar på e-post at han no vil gjennomgå kritikken. Men presiserer at det er helsemyndigheitene som vurderer om ein innsett skal overførast til helseinstitusjon. Vel, dette blir for lettvindt.

Utstrakt bruk av isolasjon og manglande helsehjelp til psykisk sjuke i fengsel, skjer på Wara si vakt. I norske fengsel, her og no. Det skuldast grov systemsvikt. Det er fortvilande at vi har ein justisminister som rett og slett ikkje har skjønt alvoret, som ikkje stiller til intervju og som ikkje tar ansvar.

Les også

Eirin Eikefjord: De glemte menneskene

Men helseminister Bent Høie (H) er ikkje stort betre. Han har i Stortinget vist fleire gonger til at kriminalomsorg er justis- og beredskapsministerens ansvar. Dette viser problemet. Innsette med psykisk sjukdom fell mellom alle stolar. Ingen vil eigentleg ta ansvaret for dei. 30.mai i år fremma Senterpartiet ein interpellasjon i stortinget om helsetilboda i norske fengsel .

Debatten skulle nettopp handle om psykisk sjukdom og bruk av sikkerheitscelle. Interpellasjonen blei stilt til både helseministeren og justisministeren. Det blei ein debatt mellom justispolitikarar og justisministeren. Helseministeren nekta nemleg å stille.

Det er såre enkelt å ta avstand frå praksisen i norske fengsel, der innsette med psykisk sjukdom blir isolert og bunden. Politiske parti nærmast konkurrerer om å bruke dei sterkaste orda. Men kva er løysinga? Kvifor reagerer ein fyrst når det blir ei mediesak? Er det kriminalomsorga som har ansvaret aleine? Er det løyva ressursar nok?

Yter norske kommunar forsvarleg helsehjelp til innsette i fengsel, slik dei har ansvar for? Kva skal til av systemendringar både i kriminalomsorga og i helsevesenet for å sikre innsette med alvorleg psykisk sjukdom forsvarleg hjelp?

Les også

Umenneskelige forhold

Førekomsten av psykiske lidingar blant domfelte er stor og betydeleg høgare enn i befolkninga elles. Audhild Valen, fengselsbetjent i Bergen fengsel, skildrar i BT 24.6 godt korleis dette gjer det krevjande også å jobbe i fengsel.

Dei tilsette gjer så godt dei kan. Dei må takle mange innsette som har psykiatriske diagnosar, ofte alvorlege. Domfelte med sjølvmordstankar, personlegheitsforstyrringar, som er sterkt paranoide eller psykotiske. Valen skildrar trass i dette ein kvardag som dei siste åra har handla mykje om budsjett og Bemanning.

Avdelingar vert stengte for at ein ikkje har økonomi til å løne dei tilsette. Sjukmeldte betjentar vert ikkje erstatta. Det er innlysande at situasjonen i kriminalomsorga er ei årsak til at bruken av isolasjon er aukande. Kriminalomsorga må sikrast nok menneskelege ressursar. Dei må sleppe fleire ostehøvelkutt – skjult i regjeringas såkalla «avbyråkratisering- og effektiviseringsreform».

Les også

De er psykisk ustabile og skader seg selv. Hjelpen er å bli låst inne på en glattcelle.

Men situasjonen krev og ei sterk utbygging av psykisk helsevern. Dei siste 18 åra har det skjedd ei halvering av talet på døgnplassar i psykiatrien, sett i forhold til innbyggjartal. Tal frå Helsedirektoratet viser at opp mot 30 prosent av dei som blir søkt til psykisk helsevern for vaksne i dag, blir avvist. Som oftast utan ein gong å bli undersøkt.

Stortinget har også nyleg gjort endringar i straffelova knytt til strafferettslege særreaksjonar. Det gjer at straffedømte i aukande grad no blir dømt til tvungen psykisk helsevern, og tar opp plassar der. Vi ser og eit stort press på sikkerheitspsykiatrien.

Fire av ti som blir tilvist dit for innlegging, blir avvist. Det er kanskje ikkje så rart at psykisk sjuke i fengsel, som burde ha behandling i psykisk helsevern, blir verande i fengsel. Psykisk helsevern har store kapasitetsproblem, som få snakkar høgt om.

Les også

Glattceller kan øke sjansen for selvmord. Likevel har 21 selvmordsforsøk endt på glattcelle.

For eitt år sidan var det VG som sjokkerte det offentlege Norge med si kartlegging av ulovleg og alvorleg tvangsbruk i norsk psykiatri. No er det BT som dokumenterer at det same skjer i stor grad i norske fengsel. Kartlegginga viser systemsvikt og ansvarsfråskriving. Men det er fullt mogleg å få til eit heilt anna, forsvarleg tilbod til innsette med psykisk sjukdom. Det er eit politisk ansvar.

Vi snakkar om sjuke menneske med behov for helsehjelp. Desse skal sjølvsagt ikkje behandlast på ein måte om ein sit i fengsel, og på ein annan måte dersom ein ikkje er domfelt. Innsette med alvorlig psykisk sjukdom skal ha likeverdig behandling og medisinsk oppfølging, som alle andre.

Bruken av isolasjon av psykisk sjuke i norske fengsel, må avviklast. Så enkelt.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg