Heilt fanatisk

Gjer kloke valkampanjen innan helsevesenet har stor overføringsverdi.

IKKJE NAUDSYNT: Treng du eigentleg balsam? Nei, meiner innsendaren. Foto: Dan Petter Neegaard, NTB Scanpix

  • Lilly Vinje
    Bergen
Publisert:

Med stikkord som overbehandling har Legeforeningen tatt til seg det amerikanske initiativet Choosing Wisely og oppfordrar pasientar til å stille fire spørsmål, spørsmål alle bransjar og alle forbrukarar burde gjera til sine i ein kampanje der jorda er pasienten og stikkord overforbruk:

  1. Er det virkelig nødvendig?
  2. Hva er risikoen og bivirkningene?
  3. Finnes det tryggere alternativer?
  4. Hva skjer om jeg ikke gjør noe?

Nett som ein uskuldig dømt treng ein sakførar, treng jorda ein jordførar. Ja, alle ho kan få, eigentleg.

Ta korleis du bur. Går du berrføtt og i T-skjorte inne om vinteren, din miljøversting? Å, du har vannbåren varme, unnskyld meg. Ta eit mindre eksempel. Bruker du balsam? Du, di jåledame, still deg dei fire spørsmåla.

Nei, såkalla «hårpleie» er ikkje nødvendig, du må ikkje ha mjukare hår enn det er frå naturen si side. Det ligg og i spørsmålet at svaret skal vera evidensbasert. Dei som ikkje bruker balsam, men som har heilt vanleg, sunt hår trass i det, er bevis godt nok på at svaret må bli nei.

Det er ressurskrevjande å produsera noko som er heilt unyttig, og biverknaden er at både tilverkinga og bruken tilfører jordsmonnet noko det skulle ha sleppt. Middelet skal jo skyljast ut etter påføring, det vil dessutan sei sløsing av vatn som er spesielt ille når/der det er lite vatn. Produktet kjem i plastemballasje. Resirkulerer du den?

Det med alternativ er strengt tatt irrelevant, men du kan jo alltids kleisa på noko som skal vera godt for alt ...

Viss du ikkje kjøper ei flaske til, sender du ikkje eit signal til industrien om at den skal produsera meir. Om du sløyfer balsam, går arbeidsplassar og så vidare tapt, seier du? Eg vil ikkje høyra det. Og frisøren kan heller halda seg til å klippa hår og ikkje sko seg på folks forfengelegheit. Frisøren kan forresten klippa alles hår kort, så går forbruket av sjampo drastisk ned attpåtil.

Det må bli moro å vera fanatikar. Ja, sjølvsagt må me setja vår lit til eller forlanga at politikarane tar tøffe avgjerder og ser på det store biletet, men det er godt mogeleg at det er når enkeltindividet går i detalj, at det ser kor småfanatisk det kan tenkja seg å bli.

Alle bør ta ein Vetlesen.

Filosofiprofessor og concerned scientist Arne Johan Vetlesen fortalde i Verdibørsen 25. august, i eit innslag om klimapessimisme, at hans kommentar til ein som hadde motoren på tomgang i ein halv time, hadde utløyst eit sinne som gjorde han redd for å bli slått. Det er ironisk når det betimelege er tabu, korleis det eksisterer ein kultur for at det å stilla spørsmålsteikn ved negative ting, kan takast som moralsk kritikk (altså det er jo det, men du skjønner kva eg meiner). Eg kan skriva under på prinsipielt liknande reaksjonar. Citizen shame kunne eg kanskje kalla det, så får dú ta stilling til kor skamma bør plasserast.

På sett og vis er den industrielle revolusjonen det verste som har hendt økosystemet (og sysselsetjinga), men det finst nokon som har ein ny på gang. «Help us accelerate the next industrial revolution» melder Cradle to Cradle Products Innovation Institute, som sertifiserer ein viss produktstandard. Då ser dei på ting som kjemikalieinnhald, om materialet kan brukast om att, om fornybar energi er brukt ved fabrikkering osv. Søkjer du, finn du balsam på lista – because you're worth it! Kvifor det? «The goal of continuous improvement is not «zero» or simply reducing the human and environmental impact of a product [ ...]», målet er å laga noko «godt» og berekraftig. Er det verdt det?

Ja, jo, eller var det nokon som sa grøn løgn? The Green Lie, snart på kino i Noreg ...? I Austerrike er denne dokumentaren om grønvasking attpåtil ein skulefilm. Manuset har og resultert i ei bok, Die grüne Lüge: Weltrettung als profitables Geschäftsmodell av Kathrin Hartmann. Eg vil sei det sånn – berekraft er ikkje.

Det same som å kvitvaska samvitet til dei rikaste forbrukarane. Men sjølvsagt, ein må jo ikkje bli heilt crazy. Eg let jo for eksempel ikkje vera å handla på bruktbutikkar sjølv om eg veit dei profitterer på overproduksjon og konsumiver. Men ja, alt som allereie er produsert, kunne me nok ha klart oss med i mange år (designarar får finna noko nyttig å gjera, ei utsegn med modifikasjonar).

Mitt skip er lasta med urimelege krav.

På fjernsyn ser eg folk som påstår dei må ha nytt kjøken, det gamle er angiveleg utdatert. Eg forstår fristelsen om forandring fryder, men å kassera fullt brukandes innreiing er direkte smertefullt å sjå. Dumme meg, eg trudde ein kjøpte ny kvitevare når den ein har gått sund. Då eg trengde ny TV fordi den gamle eg hadde overtatt etter bestefar sa stopp, ville eg ikkje ha noko stort og flott, men dermed måtte eg så og sei overvinna argumenta til seljaren, heldigvis var eg utrusta med downsizingssyndromet: «Men syns du ikkje du fortener å ha ein luksusskjerm?», og etter kvart, «Berre så du er klar over det, no går du kraftig ned i kvalitet». Whatever.

Når stat og kommune går med tankar om nye offentlege bygg, håper eg dei spør seg om dei kan bruka eksisterande bygningar. Så enkelt var det visst ikkje likevel. Statsbygg forklarer «En av de største miljøutfordringane ligg imidlertid i eksisterende bygningsmasse. Her jobber vi med å redusere energibruken. I dag prosjekteres en tredel av nybyggene med passivhusstandard eller bedre. Vi forbereder oss også på å levere tilnærmet nullenergibygg fra 2018.»

Kanskje arkitekten Adolf Loos skal få sin renessanse, som ein fanatikar med positivt forteikn. Han skreiv Ornament und Verbrechen i 1908. Ornamentering var for han direkte ukultivert, patologisk, og sett frå eit økonomisk synspunkt rett ut kriminelt, det gjaldt å halda det slett og ikkje kasta vekk ressursar (Verbrechen betyr brotsverk). Kunnskap drep, drep dårlege avgjerder.

Kjelder:

http://www.choosingwisely.org/

https://tidsskriftet.no/2017/03/aktuelt-i-foreningen/om-variasjon-og-kloke-valg

https://www.c2ccertified.org/get-certified/levels

https://statsbygg.no/Samfunnsansvar/Miljo/

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg