Turistane kjem ikkje for vikingar og huldrer

Lat Fløyen vera som han er.

SKOMAKERDIKET: Innsendaren trur ikkje det er vikingtid og huldrer turistane kjem til Noreg for. Han meiner vi heller bør vise fram Fløyen slik den er. Bjørn Erik Larsen

Debattinnlegg

Sturle Litland
Osterøy

I BT 07.10 lanserer Anne B. Vassbotn ideen om ein vikinghall på Fløyen. Det er ein dårleg ide.

Det heiter at det er so mange turistar som vert skuffa når dei finn at Bergen ikkje kan tilby noko turistmål som har med vikingtida å gjera. Eg har guida bøttevis av turistar rundt i Bergen, Hardanger og Sogn. Eit av måla er den sokalla vikinglandsbyen i Gudvangen, og turistane er ikkje overstrøymande begeistra.

Eit anna turistmål er Kjosfossen i Flåmsdalen, der turistane strøymer ut på perrongen for å fotografera huldrene og å ta selfies en masse. Eit par av gjestene mine forstod kva eg meinte då eg kalla seansen for «kulturell prostitusjon».

Det dei har å by på i vikinglandsbyen har svært lite med norsk historie å gjera. Den type vikinggilde på Fløyen som Anne Vassbotn slår til lyd for, ville også stå fram som ein slags karikatur av turistmål utan meining.

Den beste responsen eg nokon gong har fått, var frå ein barnefamilie frå Florida. Dei vart først leda rundt Skomakerdiket og so attende til klatring og lystig leik på Fløyen.

Lat Fløyen vera som han er.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg