Er du med i det største «partiet»?

DEBATT: Dersom du vel å ikkje røyste, er det ikkje du som bestemmer.

Publisert: Publisert:

SNART VAL IGJEN: Meld deg ut av det store heimesitjar-partiet og bruk stemmesetelen, oppfordrar Åsta Årøen (V). Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Debattinnlegg

Åsta Årøen (V)
Leiar for komite for barnehage, skule og idrett i Bergen bystyre

Vi står framfor eit nytt kommune- og fylkestingsval i september. Det største «partiet» ved førre val var heimesitjarane med ei oppslutning på kring 40 prosent.

Etter førre kommuneval vart det nedsett eit lokaldemokratiutval i Bergen. I rapporten frå utvalet kom det fram at di meir utdanning du har, dess større er sjansen for å at du brukar retten din til å stemme.

I «gamle dagar» var det færre med lang utdanning, men fleire som stemde. Rart, ikkje sant?

I neste bystyreperiode får vi sannsynlegvis bydelsstyrer og borgarpanel. Det vil kanskje gje meir mobilisering og kontakt mellom lokalmiljø og politikarar.

Men det viktige valet i september kjem først.

Les også

Ungdommer, ikke la andre bestemme over dere!

Kjem du til å stemme? Ønskjer du å støtte eit av partia som er i bystyret i dag, eller går stemma di til eit anna? Det er opp til deg. Vi i Bergen kan alle påverke samansetjinga av bystyret gjennom stemmesetelen.

Men dersom du vel å ikkje røyste, er det ikkje du som bestemmer.

Tidlegare i veka, på bussen, diskuterte eg dette med ei kvinne eg kom i kontakt med. «Men det er så vanskeleg å stemme», sa ho, «eg veit ikkje kva dei ulike partia meiner, og dei er på mange måtar litt like».

Ja, mange ting er vi einige om, og det tek tid å setje seg inn i alt eit parti meiner. Då er det betre, trur eg, å kjenne etter. «Kva er den viktigaste saka for meg? Kva kan det enkelte parti gjere for mi hjartesak?»

Eg trur at også dei som ikkje stemde førre gong, har noko dei brenn for og er opptekne av. Sjeldan er ein einig med eit parti i alt, men kanskje finn ein eit parti ein er einig med det viktigaste i?

Åsta Årøen er gruppeleiar for Bergens Venstre si bystyregruppe. Foto: PRIVAT

Kvinna ved sidan av meg på bussen hadde også tankar om det politiske ordskiftet. «Ofte snakkar politikarane så stygt til kvarandre, eg blir reint dårleg av det», sa ho.

Ho er ikkje åleine om å tenkje slik. Ein politisk debatt er ofte lagt opp slik at ein gjentek sitt eige standpunkt til det keisame, både for seg sjølv og andre. Ofte får ein knapt ordet, med mindre ein går for hard konfrontasjon.

Eg har ingen quick fix. Men kanskje kan bydelsstyra, med sin opne halvtime, skape betre grunnlag for den gode samtalen og ei klargjerande meiningsutveksling mellom folkevalde og borgarane i byen vår.

Ein ting vil eg oppfordre deg til: Meld deg ut av det store heimesitjar-partiet og bruk stemmesetelen. Du kan til og med endre litt på han ved kommunevalet.

Byen treng alle dei ulike meiningane. Også di. Godt val!

Har du meninger? Send oss en e-post. Følg BTmeninger på Facebook!

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg