Er ikkje sauekjøt lenger etande?

Prisen norske bønder får for sauekjøt, er ein hån mot dette framifrå kvalitetsproduktet.

Publisert: Publisert:

VEIT IKKJE BETRE: Norske forbrukarar har fått forkynt det same evangeliet så lenge at dei trur ikkje lengre at sauekjøt kan nyttast til folkemat, skriv sauebonde Albert Kjetland. Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen (arkiv)

Debattinnlegg

Albert Kjetland
Masfjorden

Eg har drive med sauehald på ein liten vestlandsgard i nærare 70 år. Ikkje nett noko gullgruve, men til tider eit triveleg arbeid.

For om lag 30 år sidan vart eit vakse dyr, levert til slakt, verdsett til kring 1000 kroner, det same som eit bra lam. Høgare vekt på sauen vog opp for ein litt lågare pris enn for lammet.

Me hadde eit slakterisamvirke som tok ansvar for alle sider av produksjonen i ei næring, og hadde forstått at utan sauer vart det ingen lam.

Brått kom ein snunad. Prisen på vaksne dyr gjekk etter kvart dramatisk ned, først på grunn av nye klassifiseringsreglar og andre påfunn, medan prisen på fårepølsa, som no var det einaste vaksne sauer kunne brukast til, fekk me høyra var den same som før.

Det eigentlege målet bak omlegginga var sjølvsagt å auka eiga forteneste. Men forbrukarane fekk skulda.

Våre eigne omsetnadsmottak vart no dei mest ihuga målberarane for den nye latinen og påstanden: Norske forbrukarar likar ikkje lenger sauekjøt. Det smakar ull, og ingen vil kjøpa det.

Strategien vart einsidig satsing på lam til alle bruksområde og for alle pengane. Ikkje snakk om å bruka pengar på utvikling av nye produkt, marknadsføring eller opplysning om alt sauekjøt kan brukast til.

Nortura/Gilde har halde fast på sin einøygde bodskap og strategi. Resultatet ser me no.

Norske forbrukarar har fått forkynt det same evangeliet så lenge at dei trur ikkje lengre at sauekjøt kan nyttast til folkemat. Sauekjøtet er ikkje lenger ein ressurs, men eit problem på eit fryselager.

Kva skal me gjera med all denne maten i ei verd som svelt? I beste fall kan me dumpa det på verdsmarknaden, i verste fall må det destruerast.

Skulle det likevel vera folk i dette landet som framleis spør etter sauekjøt, får dei same svar: Finst ikkje.

Eg har sjølv fåfengt prøvd å få tak i sauekjøt etter eit oppslag på TV om tilbod tidlegare i år. Det verste er at manglande tilgang på fårekjøt i norske butikkar ikkje berre gjeld sauekjøt.

Det er nesten like gale for lam.

Ein kan finna lammekjøt til ein fårikålmiddag om hausten, rikeleg av pinnekjøt til jul, men er heldig dersom ein finn ei frosen lammesteik til påske. Marknadsføringa og tilbodet av saue-og lammekjøt er nærast ein skandale, og informasjonen til kundane totalt fråverande. Og her skal ein ikkje berre skulda på forbrukarane.

Det er andre enn dei som burde kjenna på kjøtskam. Ikkje minst på grunn av prisen norske bønder no blir tilbodne for sauekjøtet. Den er ein hån mot både dette framifrå kvalitetsproduktet og ikkje minst mot dei som produserer det, gjennom ærleg og samvitsfullt arbeid.

I ei nær framtid vil me finna mange alternativ til åmer og insekt dei dagane me vågar å unna oss ein kjøtmiddag. Butikkhyllene vil fløyma over av svin og kylling i tallause variantar. Alle produsert på kraftfor, det meste importert.

Då må det vera ein tankekross for fleire enn meg, midt i klimahysteriet og kravet om grøne avtrykk,
å sjå at det mest kortreiste alternativet av dei alle, produsert på friske og grøne norske fjellbeite, i beste fall kan brukast til minkfor.

For om lag 25 år sidan, då lammegalskapen tok overhand, oppmoda eg kjøtsamvirket i eit innlegg i Bondebladet om å tenkja nytt, og lansera nye produkt og bruksområde for sauekjøt.

Eg nemnde kjøtdeig, fårerull, røykt saltkjøt i porsjonspakning og pinnekjøt av ungsau. Men framfor alt etterlyste eg skikkeleg spekemat av vaksen sau.

Det er trist å tenkja på alle dei fyldige spekelåra dei kunne laga av fryselageret sitt, medan eg gneg på et turt lammelår på kring to kilo, der det meste er bein.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg