Jo, UiB har ein språkpolitikk

Samtidig med at vi bidreg til å utvikle norsk som fagspråk, må vi ta følgene av at engelsk er kome for å bli.

UIB PÅ FLEIRE PLATTFORMER: «Dagleg er våre forskarar til stades som ekspertkjelder i media. Dei stiller i podcastar, i paneldebattar og i språkshow», skriv UiB-rektor Dag Rune Olsen. Eitt eksempel er språkprofessor Gunnstein Akselberg, som er ekspertkommentator for Linda Eide i «Eides språksjov» på NRK.

BT arkiv
  • Dag Rune Olsen
    Rektor, Universitetet i Bergen

I innlegget «UiB – heilt utan språkpolitikk?» (BT, 28.04.19) løftar seniorrådgjevar Georg Arnestad det utmerka språkpolitiske arbeidet ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

Det er gledeleg at Arnestad er tilfreds med dei språkpolitiske retningslinjene til HVL; retningslinjer som Arnestad sjølv har vore sentral i å utvikle.

Dei mange dyktige tilsette ved HVL fortener òg ros for å ha teke eit ansvar for å utvikle norsk fagspråk innan profesjonsfaga.

Ifølge Arnestad har UiB sitt arbeid for å røkte norsk språkpraksis gått opp i tynn luft i løpet av Dag Rune Olsen sin rektorperiode. Sett frå vår ståstad, ser røynda noko annleis ut.

Nyleg tok vi over Termportalen frå NHH; ein ordbank der ein kan finne norske definisjonar, uttrykk og omgrep innan ei rekke fagområde. Prosjektet er finansiert av Forskingsrådet, og gir brukarar fri tilgang til norske fagtermar.

Les også

Er Universitetet i Bergen heilt utan språkpolitikk?

I 2016 tok UiB over ansvaret for Nynorskordboka og Bokmålsordboka frå UiO.

Å huse eit nasjonalt oppslagsverk som ordbøkene, er ein del av samfunnsoppdraget vårt – eit ansvar vi tek med glede og entusiasme.

Om Arnestad skulle vere uroa over at språkpolitiske dokument skal støve ned i skrivebordsskuffer, kan vi orientere om at dette ikkje er tilfelle med dei digitale ordbøkene.

Totalt vart det gjort 45 millionar søk i Bokmålsordboka og Nynorskordboka i 2018. Kvart tredje av desse søka kom via appen Ordbøkene.

«Det betyr mykje for oss å nå ut på digitale plattformar slik at særleg barn og unge får gode verktøy til å verta trygge språkbrukarar», sa Språkrådets direktør då appen blei lansert.

Tidlegare låg også Språksamlingane hos UiO. Då UiO sa frå seg ansvaret for vidare drift og forvalting av samlingene, tok UiB over oppgåva.

I dag har det sterke fagmiljøet ved Universitetsbiblioteket og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ansvaret for denne levande infrastrukturen for norsk språk – norsk ordtilfang, talemål og namn.

Vi deler ein visjon med Språkrådet om at Språksamlingane skal brukast, og vere til nytte for forskarar, studentar og alle andre som er interesserte i norsk språk.

I innlegget ser Arnestad over 20 år tilbake i tid, og konkluderer med at språkpolitikken til UiB nok var betre før.

Slik rektoratet ved UiB ser det, er dette ein lite konstruktiv tilnærmingsmåte når ein skal diskutere språk og språkpolitikk.

Vi ønsker likevel gå gje Arnestad rett i éin ting: Mykje har endra seg sidan 2006, då tidlegare rektor Grønmo tok eit klokt initiativ for å utvikle språkpolitikken ved UiB.

Les også

Vi skygger ikke unna ekstreme holdninger

Sidan 2006 har universitetet fått fleire kontaktflater med omverda. Vi har gått inn i klyngesamarbeid med partnarar frå næringsliv og forvalting.

Vi har etablert senter for framifrå forsking, senter for framifrå innovasjon og senter for framifrå undervisning. Samtidig har forskinga blitt meir internasjonal.

I Indikatorrapporten frå 2018 blir den stadig reduserte bruken av norsk forklart med eit aukande internasjonalt samarbeid.

Tal frå NIFU viser at i 2018 vart 89 prosent av alle publikasjonar frå norske forskarar skrivne på engelsk. For UiB og UiO sitt vedkomande er talet 92 prosent, mens ved NTNU er talet 94 prosent.

Talet på vitskapelege artiklar med medforfattarar frå andre land har gått gradvis oppover frå 17 prosent i 1981 til 67 prosent i 2017, målt etter artiklane indeksert i Web of Science, skriv Khrono.

Med andre ord har to av tre artiklar publisert av norske forskarar medforfattarar frå andre land.

Vi står i ein vanskeleg spagat som forskarar, formidlarar og undervisarar. Samtidig som vi vil vere med og utvikle norsk som fagspråk, må vi ta følgjene av at engelsk har kome for å bli.

Det finst variasjonar mellom ulike fagfelt, men dei største pilene peikar ut over Norges grenser.

Les også

Rektors ryggmargsrefleks

Skal ein arbeide på eit internasjonalt nivå og publisere der ein når den største kretsen av fagfellar, må ein vere til stades på internasjonale konferansar og i internasjonale tidsskrift.

Vil ein ha tilslag på ein prosjektsøknad hos det norske eller europeiske forskingsrådet, krevst samarbeidspartnarar i utlandet.

Mens engelsk har vunne hevd som det viktigaste publiseringsspråket, har vi framleis to kjerneaktivitetar der det norske fagspråket står fjellstøtt:

Undervisning og formidling av forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid.

Som eit internasjonalt orientert forskingsuniversitet rekrutterer UiB ph.d.-ar og forskarar frå heile verda.

Vi trur at mangfald – også språkleg – styrkar oss. Samtidig ser vi den klare nytta av at våre tilsette skal meistre norsk. Vi krev at våre tilsette skal sette seg i stand til å undervise og formidle på norsk.

Difor tilbyr vi norskopplæring til alle som treng dette, samt til partnarane deira. Også alle internasjonale studentar får tilbod om norskkurs.

Dagleg er våre forskarar til stades som ekspertkjelder i media. Dei stiller i podcastar, i paneldebattar og i språkshow.

Dei reiser landet rundt for å besøke skular, festivalar og litteraturhus. Og dei skriv kronikkar, bakgrunnsartiklar og bøker. På norsk.

Frå rektorkontoret kan vi utforme omstendelege og vidløftige språkpolitiske retningslinjer.

Vi kjem likevel ikkje vekk frå at kvar forskar står fritt til å publisere på det språket – og på den plattforma - forskaren sjølv finn føremålstenleg.

Les også

Plutselig fikk ansatte kollegers private SMS

Å fremje eit godt språk ved UiB og i samfunnet elles er eit dynamisk og kontinuerleg arbeid.

Slik vi ser det, er det ikkje nok å applaudere og seie seg nøgd når retningslinjene er vedtekne og handlingsplanen er underteikna.

Dette er eit arbeid som krev ressursar, kompetente menneske, ein fungerande infrastruktur og brukarvenlege, digitale tenester.

Saman med dei dyktige tilsette på UiB vil rektoratet halde fram med å arbeide for at norsk skal vere eit levande universitetsspråk.

Her har vi sams sak med forskarar og undervisarar på HVL.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg