Det er ikkje verre for deg enn for andre

No er det berre å stålsetje seg for hyttesutring i vekene som kjem.

Publisert Publisert

– Eg sit ikkje heime dag etter dag, for at du «må på hytta, for elles vert det ikkje påske», gå på fest eller til eit tinder-ligg! Foto: Andreas Øverland

Debattinnlegg

  • Kristian Fjellanger
    Forfattar
  1. Leserne mener

Regjeringa har akkurat avslutta dagens pressekonferanse. Kva valde Dagbladet å bruke sitt første spørsmål på?

Hytteforbodet.

Hadde eg vore Erna, hadde eg bede Dagbladet om å prøve på nytt. Eg nærmast kokte, der eg sat heime i sofaen i den etter kvart sjabre kosebuksa og ein lurvete genser.

Me har det høgste talet på arbeidsledige sidan andre verdskrig, det er barn som ikkje har det bra heime som ikkje får ha skuledagen å sjå fram til, og folk kjempar for sine liv på sjukehusa.

Sjølv har eg i tolv dagar isolert meg meir eller mindre heime, droppa sosialt samvær og pliktskuldigast gjort alt helsemyndigheitene seier eg skal gjere.

Brakkesjuka kjennest på kropp og sjel, og terskelen for å bli irritert vert stadig lågare. Eg gjekk nesten ut av mitt gode skinn då eg natt til sundag vakna av fulle folk som skråla og hoia. Dels av misunning, dels av raseri over kor egoistisk det er mogeleg å bli.

Like hissig blir eg av folk som sitt tett i tett og drikk øl i sola, og av dei som insisterer på å gå fire i breidda på eit smalt fortau, slik at det vert vanskeleg å halde ein meters avstand, slik me skal.

No kjenner eg ei forbanning breie seg i sjela over dei som insisterer på å reise på hytta. Er det verkeleg viktigare at du skal kunne sitje i solveggen etter ein frisk skitur, enn at kommunen kan ha eit forsvarleg helsetilbod til innbyggarane sine?

Eg sit ikkje heime dag etter dag, for at du «må på hytta, for elles vert det ikkje påske», gå på fest eller til eit tinder-ligg!

I nokre statusoppdateringar som har glidd forbi meg under endelaus «scrolling» denne veka, er fleire forarga over at ein vert påført skam for å ikkje følgje helseråda.

Mellom andre er Heidi Marie Sperre «forbauset og skuffa over moralpolitiet som vokser frem» i eit innlegg Bergensavisen denne veka.

Problemet er jo berre at det ser ut til å vere naudsynt å skru til, sjølv om ein aller helst berre vil vere positiv. Klappe ut av vindauga, tenne lys og heie på kvarandre.

Filosofen Knut Inge Riksen skreiv ei doktorgradsavhandling om skam i 1998. Avhandlinga er eit forsvar for skamma, som ei siviliserande kraft i menneske. Utan skam – ingen moral.

Eg meiner at det er god grunn til å skamme seg for å ikkje bry seg om andre i desse tider. For det er det dette gjeld.

Ein pustar liksom letta ut, for det er berre gamle folk som vert verkeleg sjuke av dette. Og dei i risikogruppene, då. Så då kan eg leve livet mitt som eg plar. For eg orkar ikkje å ha det så keisamt.

Men det er jo ikkje som om ein blir mindre lei seg om ein mistar nokon, berre fordi dei er i risikogruppa. Sorga og saknet kan vere like sterkt om ein mistar bestemor eller bestefar som ein er så glad i, sjølv om dei er gamle.

Så du som festar, eller vurderer å opprette Facebook-gruppa «Folkeopprør mot hytteforbodet», eller hadde tilfeldig sex i natt: Det er dine besteforeldre, din gamle onkel og kusina di med astma, som er grunnen til at folk sit inne.

Det er for superheltane som jobbar seint og tidleg i helsevesenet, daglegvarebransjen eller andre stadar, at me gjer som helsemyndigheitene seier og held oss heime.

Me deltek i dugnaden av respekt for alle som no vert permitterte, eller som slit fordi den vesle bedrifta deira held på å gå konkurs og har søvnlause netter, fordi dei ikkje veit korleis dei skal få endane til å møtast framover.

Det er ikkje ein ekstra vårferie eller påskeferie. Det er ei tid me er mana til felles innsats for kvarandre. Og det er ganske enkelt. Hald avstand til andre. Vask hendene. Hald deg mest mogeleg heime.

Og nei, det er ikkje verre for deg enn for andre.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg