Framtidas bønder

Om du kjenner ein bonde, vil eg oppfordra deg til å takka for maten.

Publisert Publisert

POLITIKK: Eg har trua på norsk landbruk, men ikkje norsk landbrukspolitikk, skriv innsendar. Foto: Privat

Debattinnlegg

  • Asgeir Presttun
    Student og fjøsavløysar, Osterøy/Voss
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

For ei stund sida kom det forslag om at ein skulle ha kompetansebevis for å driva landbruk, og det kompetansebeviset vert kalla agronom. I Hordaland har me ein skule der det er mogeleg å ta agronomutdannelse, og denne skulen vert i dag kalla Nye Voss vidaregåande skule. I fjor heitte skulen Voss jordbruksskule, og hadde ein agronomklasse på fem elevar som fullførte landbruksutdanninga.

I år er det fire søkjarar til tredjeåret frå Hordaland og ein søkjar frå Oppland, men grunna at eleven frå Oppland ikkje har lovfesta studieplass i fylket, har det vorte bestemt at det ikkje blir ein agronomklasse til neste år. I år er det ti elevar på Vg3 landbruk, men i fleire år har det vore få søkjarar.

AGRONOM: Min draum for livet er berre å kunne leva av å produsera mat for folket. Er det for mykje å be om? Foto: PRIVAT

Voss jordbruksskule vart stifta i 1948, og sidan den gong har det kvart einaste år, utanom eitt, blitt utdanna agronomar. Dei siste ti åra har det gått nedover med søkjartalet. I Tine-reklamen sei dei at som fjellet under isen vart det sterkaste att. Men no vil Hordaland fylkeskommune sprengja vekk dei siste fjellnabbane. Dei seier me er for få og at det er ei for lita linje.

Elevane vert i dag behandla likt som landbruket i fylket. Me får beskjed om at me er for små og for lite effektive. Men kan me setja ein prislapp på noko så viktig som norsk matproduksjon? Innan landbruket har me kontrollar av eitt organ som heiter Kvalitetssikring i landbruket (KLS), for å sikra at norsk matproduksjon går føre seg på ein måte som ikkje skadar jorda, sikrar dyrevelferd og er helsemessig forsvarleg overfor bonden.

I Noreg er me stolte av å ha eitt landbruk med minimal medisinbruk og stort fokus på dyrevelferd. Men dagens regjering satsar meir på kvantitet framfor kvalitet, og her i Hordaland er det vanskeleg å produsera etter desse måla. Personleg har eg to generasjonar før meg med agronomutdanning, og alle forgjengarar har vore bønder. Bestefar min på 89 år tok agronomutdanning på Stend jordbruksskule i 1951–52, far min tok og agronomutdanning på Stend jordbruksskule i 1986–87. Og kvifor føl eg ikkje slekta på Stend? For på Stend har agronomutdanninga vore nedlagd i fleire år.

Les også

Jordbruket spesialiseres til sårbarhet

Eg vil ikkje bli agronom og gardbrukar for at eg må, men for at eg vil. Far min la ned i 2002 og selde garden. Besten min døydde brått i 2004, og då vart endå ein gard i slekta nedlagd. Dette er vel kanskje noko som burde verka avskrekkande for kvart eitt vettig menneske? Men nei, eg har jobba tre år som fjøsavløysar og kunne ikkje trivast betre i jobben min. Som bestemor mi sa «ei mjølkeku har meir kraft enn ti psykologar». Og det er noko sant i det òg. For kva får bøndene i Hordaland til å jobba 365 dagar i året i regnvêr og sol, tunge og lette dagar? Det er noko heilt eige med vestlandsbonden. Han veit at folk som jobbar mykje mindre har mykje meir betalt, han veit at han kunne hatt feriar og tent meir. Men han vel sjølv å streva i all slags vêr, lange dagar, tunge tak og motgang. Og så skal ein få endå eitt hinder til dette yrket?

Bønder med agronomutdanning har større kunnskap om korleis ein nyttar jorda på best måte og difor større produktivitet, ikkje berre på store gardar, men og på småbruk rundt om i fylket. Og målet for regjeringa er høgare produktivitet og ikkje berre større einingar. Me bur i eitt fylke med store avstandar der det er vanskeleg å hausta mark langt vekke frå garden, så då kan ikkje einingane vera for store.

Hordaland er eitt fylke som er bratt, blautt, vått og variert. Me har gardar med ti mjølkekyr og det syns eg me skal vere stolte over! I mine auger er det meir dyktige bønder som klarar seg med småbruk og steller dei bra!

Les også

Flinkaste bonden i klassen

Om ungdommar i fylket får inntrykket av at det å bli agronom ikkje er noko å satsa på for at dei får ikkje fullført utdanninga uansett, er me på veg til å snu landbruket i ei retning som ikkje er ønska. Me som er Landbruksinteresserte veit at om ein skal ta livet av eitt ugras må ein ta det ved rota, og slik blir det og om dei vil ta vekk rota til kunnskap for oss. For sjølv om mange vil framstilla bonden som lat, må han kunna mellom anna vera: landbruksmekanikar, snekker, dyrlege, økonomiansvarleg og driftsplanleggar.

Dessutan har det vore forslag om å kutta avløysartilskotet, men då spør eg «kor mange yrke må betala for å få ein fridag»? Du tenkjer kanskje at ein berre ikkje får betalt den dagen du ikkje jobbar, men her er bonden litt spesiell, for dyra tek ikkje pause om du treng det, dei treng stell kvar dag, to gongar for dagen.

Å leva i uvissa er noko me slit med, eg veit for eksempel ikkje om det er mogeleg å driva med jordbruk her om det skal fortsetja slik som i dag. Det blir veldig vanskeleg å starta opp som ny gardbrukar. Vår «kjære» landbruksminister snakkar om at me skal framsnakka norsk landbruk, men å ta vekk landbruksutdanninga gjer vel litt feil inntrykk?

Eg har trua på norsk landbruk, men ikkje norsk landbrukspolitikk. For å vera bonde er ikkje berre eitt yrke, men ein livsstil. Ein er ein matprodusent, og det syns eg skal bli sagt meir, yrket får meir tyngde når dei vert kalla matprodusentar og ikkje «berre» bønder.

Les også

Se til Sveits og Østerrike

Om du kjenner ein bonde, vil eg oppfordra deg til å takka for maten. Han forvaltar ikkje berre jorda for seg sjølv, men for framtidige generasjonar. Bonden betyr noko han òg! Eg har ikkje tenkt til å vera siste bonde i mi slekt, men kanskje eg må. Me lev i eitt land som endrar seg mykje, men jorda endrar seg ikkje. Jorda som er tungdriven vert ikkje meir lettdriven av større einingar.

Eg drøymer om lange dagar, eg drøymer om å springa etter dyr i fjellet, eg drøymer om å ein dag verta herre i eigen fjøs og eg drøymer om at alle bønder i landet skal verta verdsett.

Min draum for livet er berre å kunne leva av å produsera mat for folket. Er det for mykje å be om?

  • Følg BT Meninger på Facebook og Twitter. Slik kan du sende meninger til oss!
Publisert

Les mer om dette temaet

  1. Guud kor billig!

BT anbefaler

Sønnen sa først at foreldrene var på tur. Så tilsto han at de lå drept i garasjen.

Nektet straffskyld da Kolltveit-drapssaken startet.

LES SAKEN
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg
  1. Landbruk
  2. Landbrukspolitikk
  3. Livsstil
  4. Hordaland
  5. Voss