Legar er heilage kyr, og pressa er deira nyttige idiotar

Om berre tre prosent av legestudentar vil bli fastlege, burde dei funne noko anna å studere.

Innsendaren irriterer seg over at særleg NRK og TV 2 stiller for få kritiske spørsmål om legar.
  • Eivind Sangolt
    Sotra
Publisert Publisert
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Krise, kollaps, utbrent, mannefall, ressursmangel, utnytting. Legane går på dugnad langt over det som kan forventast av ein kvar arbeidstakar i Noreg.

Dersom det ikkje blir tilført meir «midlar», ender fastlegeordninga i katastrofe der du og eg står igjen utan noko hjelp den dagen det trengst – alt dette fortalt av legeforeiningane. I tillegg skal 97 prosent av legestudentane ikkje ynskja å bli (fast) legar.

Les også

Fastlege svarer: «Vi som blir igjen, er slitne»

For nokre månader sidan var det staten som prøvde å ansvarleggjera legar for jobben dei gjer med reseptutskriving. Det er mange arbeidstakarar som kan koma i økonomisk ansvar dersom dei ikkje gjer jobben sin, å stilla same krav til legestanden vart kalla absurd.

Dersom det står til truande at berre tre prosent av legestudentane ynskjer å bli fastlegar, så burde dei funne seg noko anna å studera. Det finst mange som ynskjer seg desse plassane. BT kunne opplysa om at fastlegar i vårt område kan tene over fire millionar kronar i året, med eit nasjonalt snitt på 1,5 millionar kronar.

Les også

Helsedirektøren bekymret for fastlegesituasjonen

I Noreg er det fem–seks legar pr. 1000 innbyggjarar, i tillegg til at me er av dei landa i verda som brukar mest på helseutgifter i forhold til størrelsen på befolkninga.

Er media, med NRK og TV 2 i spissen, «nyttige idiotar» for legestanden? Finst det ikkje eit kritisk spørsmål som kan stillast til ressursbruken på helse i landet?

  • Kva vil du skrive om? Send eit innlegg til debatt@bt.no! Usikker på korleis ein gjer det? Sjå tips på denne sida.
Publisert
  1. Fastlegene
  2. Fastlegeordningen
  3. Katastrofe
  4. Mediekritikk

Les mer om dette temaet

  1. «Bjørg Bakke drap mor mi og er ein psykopat»

  2. Nesten ingen nyutdannede leger vil jobbe som fastlege

  3. Ho orkar ikkje bli fastlege. – Eg vil ha eit liv.

  4. No er det ledige fastlegar i Bergen. Men langt frå nok.

BT anbefaler

Superstjernen kjøpte kunst for 600.000 kroner i Bergen

Post Malone tok seg god tid til kunstutstilling i Grieghallen.

LES SAKEN