Det har lenge vore ei målsetjing at alle elevar, uansett utfordringar eller funksjonshemmingar, skal inkluderast i normalskulen. Likevel held Bergen kommune seg med spesialskulen Tveiterås, og det har dei gjort i førti år. I ein rapport om det spesialpedagogiske feltet blir det no føreslått at «rene spesialskoler videreføres ikke». Vi er foreldre til nokre av barna som går på Tveiterås skule, og føreslår heller at skulen blir styrkja og sikra for framtida.

Kvifor vil vi det?

Normalskulen ikkje nok

Normalskulen greier ikkje å gje våre barn det tilbodet dei har bruk for og rett på. Nokre gongar har dei ikkje dei økonomiske ressursane. Andre gongar prøver dei ikkje hardt nok. Nokre gongar er det rett og slett ikkje barnets beste å vere integrert i normalskulen. Eit barn som ikkje greier støyen og det uoversiktlege i eit vanleg klasserom, har det ikkje nødvendigvis bra åleine i eit grupperom eller bak eit skjermbrett heller. Eit barn som ikkje meistrar det sosiale samspelet i skulegarden, har det ikkje nødvendigvis bra heilt åleine i eit hjørne heller. Eit barn som ser at alle klassekameratane veks lenger og lenger ifrå, greier ikkje alltid å gle seg over å sprengje sine eigne grenser. Kva er vitsen med integrering dersom det berre fører til frustrasjon og einsemd?

Positiv endring for barna

Tveiterås gjev barna våre det undervisningstilbodet dei har bruk for og rett på. Dei kunne sjølvsagt hatt større økonomisk spelerom, men her er det ingen halvhjarta forsøk, her ser personalet barnets beste i kvart enkelt tilfelle. Barn som ikkje meistrar støy og uoversiktelegheit, blir tilbydd eit fellesskap med andre som har liknande utfordringar i ei mindre gruppe. Barn som strevar med å få til det sosiale, får hjelp og tilrettelegging på sitt nivå av fagpersonar som kjenner godt til både diagnosar og individuelle variasjonar innanfor desse.

På Tveiterås ser dei moglegheitene, og tilbyr sosial meistring som er innanfor rekkevidd — på butikken, på bussen og på kafé. Kan vi kalle spesialskulen segregering når den gir moglegheit til inkludering i ein fellesskap og fører til venskap som varer livet ut?

Fleire av oss som har barn på Tveiterås skule, har opplevd ei positiv endring etter byte frå normalskulen, både kva gjeld trivsel, meistring og faglege prestasjonar. Vi ser at personalet har god fagleg kompetanse og at dei har dei beste moglegheitene til å utvikle og styrke sitt fagmiljø når dei er samla på ein stad.

Ideologi til grunn

Vi ønskjer det beste for våre barn. Vi trur at Bergen kommune også har slike ambisjonar for dei aller svakaste, og synest difor det er svært merkeleg at dei legg ideologi til grunn når dei føreslår å leggje ned skulen.

Spesialskulen skal ikkje vere ei sovepute for normalskulen. Målet om integrering av så mange som mogeleg, er rett og godt. Men for nokre barn er det best å gå på spesialskule. Bergen kommune har hatt Tveiterås skule i førti år. Lat foreldre til barn med spesielle behov ha moglegheita til å velje dette alternativet også i framtida!

På vegne av Jens Helleland Ådnanes, Elisabeth Johansen, Sissel Borgen, Terje Nesse, Elin Nesse, Monica Sandal, Astrid Mjell Strand, Baard Strand, Gro Anita Johnsen, Ken Johnsen, Tor Snarberg, Elisabeth B Fanavoll, John Sandal, Evelyn Haugland, Jannicke Gjelsvik Fauske, Morten Gravdal Larsen, Trond Andersen, Janne B. Andersen, Lise Eide Lund, René Lund, Lasse Haugland, Eli Haugland og Svenn Haugland, Sølvi og Arvid Bjørndal.