Konflikten gjeld vår fred

MIDTAUSTEN: Det viktigaste no er å snu alle steinar for å unngå ei ny, valdeleg krise, denne gongen med stort internasjonalt valdspotensial. Scanpix

Debattinnlegg

Vidar Lehmann
Forfattar og professor emeritus i medisin. Har tenestegjort i ulike fredsoperasjonar i FN-regi.

Under den langvarige kaotiske tilstanden i store deler av Midtausten er den palestinsk-israelske konflikten komen i bakgrunnen. Det kan endra seg.

Grunnlaget for ein palestinsk stat er systematisk underminert av Israel si pågåande busetjing på Vestbreidda, inkludert i Aust-Jerusalem. Til nyleg har det gått føre seg i ly av utsetjande prat om ei tostatsløysing. Når Israel no er nær ved å gjera ei slik løysing umogeleg, trengst ikkje denne retorikken så sterkt lenger.

Det som no står att, kan sjå ut til vera det endelege oppgjeret med tostatløysinga. Truleg er det òg for å underbyggja ein slik strategi at Israel i 2016 har fått oppretta eit observatørkontor i NATO. Saka er omtala i positive vendingar av Jens Stoltenberg.

På meir heimleg grunn har utanriksminister Børge Brende 12. januar 2017 signert ei norsk-israelsk avtale om forskingssamarbeid. For open TV-skjerm forsikra Brende Netanyahu om at han hadde eit «nyansert» syn på den palestinsk-israelske konflikten. Verd å leggja merke til er òg at den palestinske tragedien dei siste åra ikkje har hatt så stor norsk mediemerksemd som før.

Kvar for seg er dei nemnde elementa ikkje alarmerande, men på den store scena kjem fleire sterke signal:

1. Eit FN-vedtak konfronterte i 2016 den folkerettsstridige israelske busetjingspolitikken meir unisont enn før.

2. I desse dagar går det føre seg ein Midtausten-konferanse i Paris med hovudfokus på den palestinsk-israelske konflikten. Verd å merkja seg er at korkje Israel eller Palestina er med.

3. Den nye presidenten i USA har sagt sterkt i frå om at han er imot det nye FN-vedtaket, at han ikkje går imot busetjingspolitikken, og at han vil hjelpa til for at Jerusalem skal verta Israel sin offisielle hovudstad.

4. Palestinske styresmakter slit framleis med indre spenningar. Frustrasjonane er aukande og tiltrua til Vesten på lågmål. Dette kan letta vegen for islam-fundamentalistiske krefter.

5. Gaza, Vestbreidda og Israel har til saman eit areal som eit norsk fylke. Folkemengda er vel 10 millionar og held fram å auka. Miljøproblema i Gaza og på Vestbreidda er store.

Hovudtyngda av argument talar for eskalering av konfliktnivået, kanskje akutt og meir avgjerande enn før.

Det viktigaste no er å snu alle steinar for å unngå ei ny, valdeleg krise, denne gongen med stort internasjonalt valdspotensial. Den palestinsk-israelske konflikten gjeld òg vår fred.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg