Kjære konfirmant. Ikkje høyr på foreldra dine.

17 bod til ein ungdom som vil fram i verda.

KONFIRMASJON: La ikkje foreldre fortelja deg kva som er lurt og klokt. Dei ligg i grava den dagen du må ta konsekvensane av val dei gjorde for deg, skriv Jo Hjelle. Scanpix

Kjære konfirmant.

Når du skal tre inn i dei vaksne sine rekkjer, er det eit par saker du først skal vera klar over.

1. Du har heile verda for dine føter, men bli ikkje overvelda. Det er store sjansar for at du ikkje klarar å rota det til.

2. La ikkje foreldre fortelja deg kva som er lurt og klokt. Dei ligg i grava den dagen du må ta konsekvensane av val dei gjorde for deg.

3. Reis langt vekk og bli der ei stund. Du ser deg sjølv og alt rundt deg med nye augo når du kjem heim att.

4. Husk at vi alle er fulle av fordommar, dvs. meiningar som ikkje er tufta på kunnskap. Leit, finn og fjern.

5. Ver ikkje til plage for folk rundt deg. Øv deg kvar dag på å vera tolerant, tolmodig og venleg.

6. Du skal ikkje tola intoleranse og fordommar frå andre.

7. To av hundre du møter har forstyrra personlegdom. Stikk derifrå. La dei ikkje øydeleggja livet ditt.

8. Stå for noko.

9. Stem ved alle val.

10. Høyr på P2. Skru av hitlistene frå dei siste fire tiår.

11. Ha informerte meiningar. Bruk dei.

12. Kos deg.

13. Dyrk vennskap.

14. Det finst altfor mykje dåleg samvit i verda. Ta ikkje på deg skuld for alt som går gale.

15. Ver raus med deg sjølv og alle rundt deg.

16. Hugs at du er ung og vakker. La ikkje utryggleik og angst fortelja deg noko anna.

17. Lev livet framlengs. Det skal forståast baklengs.

Gratulerer med dagen.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg