**Friluftslivets år 2015** har vore ein suksess. Norskfriluftsliv.no melder at hundretusenar har vore på tur, over 60.000 har overnatta ute, og 2000 friluftsarrangement er flott gjennomført.

I kronikken «Barnefangerne» i VG 22. november, kunne ein lese Karl-Fredrik Tangens tankar om at for kvar gong du sender barnet ditt til organisert fritid, frårøver du nabobarna ein leikekamerat. No er det ikkje meint at me skal slutte å drive organiserte aktivitetar. Men me må få augo opp for at alle lag og organisasjonar som produserer glede og meistring, også står i overhengande fare for å produsere avmakt og avstand. Der, like utanfor deltaking, står dei som er frårøva leikekameraten. Dei unike. Dei ulike. Livets krydder. Me snakkar ikkje berre om born her. Leikekameratar treng me heile livet.

Hanna de Groot

Du veit kven eg meiner. Nokon som ikkje klarar å hengje med. Kjem ikkje. Melder seg ikkje på. Er litt usynleg. Eller kanskje du ikkje veit kven eg meiner, fordi det har vore så travelt i det siste at du ikkje har hatt tid å sjå etter. For dei set ikkje så mykje spor etter seg dei som ikkje er til stades.Forklaringa på fråværet kan vere ulik. Det kan for eksempel vere me tenkjer dei manglar pengar. Eller har travle foreldre som ikkje prioriterer å følgje opp ungane sine, eller språkbarrierar («dei må sjå til å få integrert seg og lært språket først»). Alle slags formar for unike personlegdomar vert me fort usikre på. Fysiske handikap gjer sikkert alt umogeleg. Kanskje dei har vondt i viljen. Eller er det me som har det?

Sprek:

Nokon sit der på kanten av meistringa. Med sin utdelte merkelapp. Mens me andre meistrar i veg. «Ja ja. Døra står open dersom dei ein gong kjem og vil vera med» seier me. Andpustne av alt me driv og meistrar. Skal det vere slik? Sjå no for deg ei glødande hostril i sin beste alder, med brei dialekt og nokre ekstrakilo både her og der, som kleppar tak i kragen på deg og spør deg midt inn i ansiktet: «Ska da vera slek?!»

Er det slik at nokon må tole å alltid vera utanfor slik at resten kan tura på i høgast mogeleg tempo heile tida? Og er det slik at det er deira ansvar, gammal som ung, å kome dragsande og sei at no har dei tenkt seg om og vil vera med? At no har dei skjønt at det er bra for dei? At dei vakna ein morgon, følte seg full av overskot og tenkte no er dagen her for å jobba med sjølvtilliten og få seg litt betre meistringstru? Og så på ein sakleg måte, på korrekt målform, gjera ein førespurnad på om naboen eller utvalde organisasjon kunne tenkje seg å tilpasse seg pittelitt så det vart plass til dei og?

Feil veg:

Det viktigaste eg har lært i friluftslivets år, er å tørre å spørje. Og å spørje dei det gjeld. Lurar du på kva som kan vere inkluderande for nokon i ditt lokalmiljø, så spør! Du kan og ta kontakt med dei som driv med likemannsarbeid. Dei vil så gjerne hjelpe deg å bli ein betre trenar, aktivitetsleiar, organisasjon, eller nabo. Dei trur ikkje. Dei veit. Dei har peiling. Og du finn dei via ein organisasjon nær deg.

Eg håpar at etter eit heilt friluftslivets år så er me i kjempeform, både organisasjonar, lag og privatmenneske.

No vil eg utfordre deg til å snøre skoa og ta den barskaste turen av alle. Ein ekspedisjon som kjem til å ta deg ut i eit landskap som kan gje deg større kick enn Via Ferrata. Turen bort til naboen.

Tur:

Lat oss kalle det ekspedisjonen til Nær-polen. Eller Mot-polen! For dette er ein tur som krev stort mot. Me skal slost mot det største beistet av alle, nemleg dørstokken. Den praktiske dørstokken og den litt større dørstokken som sitt i mellom øyra på oss alle. Sei hei. Spør. Inviter. På ein liten tur. Eller på eit lag. Klart det går!

God tur! Og godt nytt friluftsår i 2016.