Barn i vegen for byutviklinga?

Publisert: Publisert:

MEIR KOMPAKT: Vi lyt lære oss å leve tettare saman, skriv innsendaren. Foto: Eirik Brekke (arkiv)

Debattinnlegg

Bård Magnus Fauske
Landskapsarkitekt MNLA, byplanleggjar

Nyleg tok Margrethe Norheim, busett i Solheimsviken, til orde for sterkare lut i bustadpolitikken i Bergen. Ho vil at fleire familiar med barn skal flytte til eller bli buande i sentrumsbydelane. Det lyt bli med vona.

Familiane som sel seg ut av nabolaget til Norheim, tar godt betalt før dei overlét husværa til utbyggjarar framfor nye barnefamiliar. Dyr tomtegrunn saman med mange og dyre kvalitetskrav frå kommunen, pressar fram mange små einingar. Det gir ei høgare samla inntekt til å dekke kostnadane med.

Les også

Les innleggar som Fauske svarar på: «Hjelp oss å bli verande her!»

Løysinga er ikkje å gjere firemannsbustadar om til tomannsbustadar. Krav til lågare utslepp og betre utnytting av felles infrastruktur – inkludert alt frå gater og parkar til skule- eller helsestell – krev høgare utnytting. Med løysinga Norheim skisserer her, vil fleire velje snarvegen gjennom Løbergsveien.

Bystyret har likevel ei rekke verkemiddel å ty til. Krav til storleiken på husværa påverkar tilbodet og prisane dei blir selt for. Men også andre meir sosiale buformer med styrka tilbod om felles areal, mindre parkering, parkar eller parsellhagar kan erstatte saknet etter store husvære og inngjerda hagar.

Eit godt byrom må ikkje bestå av fontener, nystrigla lindetre og høgkvalitets skifer for å gjere det kjekt å møte andre ute. Kanskje finn nokre glede i å rote i jorda nokre kvartal bortanfor der dei bur, like ved eit nytt bibliotek, ein ballbane på taket eller eit lydstudio i sjøkanten? På denne måten kan byen gradvis byggjast om. Greie stadar å bu med nok plass til alle, og ulike aktivitetar å halde keisemda eller einsemda borte med. Vi lyt lære oss å leve tettare saman i tida som kjem.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg