Renessanse for blasfemilovene?

DEBATT: Folk med anna tru og andre gudar krev no det same vernet for sine gudar og profetar som vår Gud ein gong hadde.

Publisert: Publisert:

SINNE: Trykkinga av Muhammed-karikaturar har ført til store demonstrasjonar i mange land, også i Noreg. Biletet er frå protestane i Karl Johans gate i Oslo i 2010. Foto: Stein Bjørge/Aftenposten/Scanpix

Debattinnlegg

Andreas Skartveit
Skribent og tidlegare forlagssjef

Det første vår Gud, den israelske stammeguden Jahve, gjorde på Sinai, var å forby andre gudar. Så forbaud han misbruk av namnet sitt. Religionsfridom og ytringsfridom ville han ikkje ha.

Då son hans Jesus var her og skulle lære sveinane sine korleis dei skulle be til Gud, var den første bøna at Guds namn måtte haldast heilag. Då kristendommen overtok Europa, fekk den heilage og allmektige Gud lovvern for seg og namnet sitt. Statsmakta verna Gud. Blasfemi, å spotte Gud, vart eit alvorleg brotsverk, med drastisk straff. Etter Christian Vs norske lov skulle blasfemi straffast med lemlesting, med etterfølgjande avretting.

Eit hovuddrag i siste hundreårs europeisk historie har vore å drive Gud ut av felt etter felt: Politikk, vitskap, historie, rettsstell. Mennesket har overtatt.

Eineveldet var av Guds nåde, og hadde makta si frå Gud. I fleire hundreår hadde Gud, gjennom si kyrkje, monopol på nordmenns tru og tankar. Å stå i kyrkja og gå der var obligatorisk, som det var å døype, konfirmere og gravleggje på kyrkjeleg vis. Det var ingen annan stad å vere.

Vår Gud meinte han hadde fått all makt i himmel og på jord, som son hans sa det. Vi fekk då pålegg om å gjere alle folk til hans læresveinar ved å døype dei i hans namn. Og vi sende misjonærar over verda. Vi skipa israelsmisjon, muhammedanarmisjon, santalmisjon, kinamisjon og mykje meir. Vårt evangelium skulle nå alle.

Les også

Les også: Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk har levd med drapstrusler i årevis. Det har gjort noe med ham.

På heimebane gjekk det tyngre. Dissentarlover på 1800-talet opna vegen ut av statskyrkja. Etter kvart vart det lovleg å stå utanfor noko kyrkjesamfunn som helst. Det var råd ikkje å vere kristen. Fritenkjaren kom inn i varmen. Det var blitt lovleg å velje bort Gud.

Norsk 1800-tal handlar om eit folk som trengde seg fram og søkte makt, i stat og kyrkje. Delar av kyrkja, med Gud på laget, prøvde å stoppe dette. Det mislukkast dei med. Seinare kom arbeidarrørsla, ei jordnær og sekulær rørsle, sigande inn i den politiske makta.

I kampen om den politiske makta viste Gud seg å bli brukt som ein maktpropp, som måtte fjernast. Og det vart gjort. Og han miste sitt rettsvern. Lovverket passa ikkje på han lenger. Blasfemilovene vart strokne. Blasfemidebatten var avslutta.

Det viste seg å vere ein forhasta konklusjon.

Folk med anna tru og andre gudar har kome nærare innpå oss, og vi nærare innpå dei. Verda er forandra. Og makta globalt er blitt nyfordelt. No krev dei andre same vern for sine gudar og profetar som vår Gud ein gong hadde. Det avviser vi ved å vise til vår eiga historie, og vår frigjering av mennesket og fortrenging av Gud. Det er eit synspunkt det er vanskeleg å få global aksept for.

Slik vi ein gong sende misjonærar rundt i verda for å lære dei rett tru og rette verdiar, sit vi i Vesten i dag og krev globalt gjennomslag og dominans for det som i dag er våre oppdaterte verdiar. Det gjer vi utan andre globale fullmakter enn våre eigne heimestrikka tankar.

Les også

Ahmed Akkari: «Det er ingen tvil om at muslimer er en kilde til uro»

Vi har løfta mennesket opp på førsteplassen og redusert Gud til ein restgud for spesielt interesserte, ei kjelde for livsmeining og sjelefrelse. Og guden, eller gudane, til dei andre må tole det vår Gud ein gong måtte tole. Men det aksepterer ikkje dei andre. Sjikane av gudane og eventuelle profetar vil dei ikkje tole.

Historia finn alltid løysingar. Dei siviliserte løysingane for alvorlege konfliktar og problem er samarbeid, forhandlingar, lovverk og reguleringar. Om historia ikkje finn slike løysingar, kan ein alltid stole på makta og valden som problemløysarar. Dei står alltid til teneste. Det har dei alltid gjort.

Det internasjonale samfunnet er ein uregulert maktjungel. Lovverket rundt samlivet mellom statar er skrøpeleg. For samlivet mellom religionane finst det knapt noko som liknar eit lovverk. Og religionane er viktige i verda, om dei ikkje er det hos oss.

Vår blasfemidebatt på 1800- og 1900-talet var ei lokal øving. Dagens blasfemidebatt er ei ny og global øving, der vi sekulariserte vesterlendingar prøver å byggje ned og trengje til side gudane og profetane til andre folk. Det tykkjer mange av dei andre lite om. Dei meiner, som vi ein gong meinte, at det er deira eiga sak å handtere sine eigne gudar. Nokre av dei meiner å kjenne att den gamle vestlege kulturarrogansen frå misjonstida og imperialismen.

Det er ikkje innlysande at denne globale blasfemidebatten kjem til å likne så mykje på den lokale debatten vi ein gong hadde, korkje i utfall eller konfliktnivå. Men han kan kome til å prege vår verd lenge.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg