Store pengar til Oslo-musea, smular til musea i Hordaland

Publisert Publisert

FORSKJELL: Musea i Oslo får tre gonger så mykje statsstøtte pr. gjest som musea i Hordaland, skriv innsendaren. Biletet er frå museet Kode 1, også kjent som Permanenten. Foto: Ørjan Deisz (arkiv)

Debattinnlegg

  • Beate Husa (KrF)
    Leiar i utval for kultur, idrett og regional utvikling, Hordaland fylkeskommune
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Politikarane på Hordalandsbenken må stå opp for musea våre i statsbudsjettet for 2019!

Musea i Hordaland har 800.000 besøkjande årleg. Musea i Oslo har dobbelt så mange. Men av statlege midlar får dei heile seks gonger så mykje som Hordaland. Det kan vi ikkje akseptere. Eg forventar at våre politikarar på Hordalandsbenken krev ei betydeleg auke i statlege overføringar til musea i Hordaland slik at dei kan gjere den viktige jobben dei er sett til.

Musea i Hordaland forvaltar ein unik kulturarv av nasjonal og internasjonal interesse. Vi kan ikkje lenger godta at dei blir drifta på sparebluss. Dette set samlingane i fare og bidrar til dårlegare formidling for dei besøkjande.

Som leiar i utval for kultur, idrett og regional utvikling i Hordaland har eg fått eit sørgjeleg innblikk i utfordringane. Manglande vedlikehald, kutt i stillingar og stadige nedskjeringar i det faglege innhaldet blir resultatet. Eg er sterkt bekymra for utviklinga.

Fylket bidreg årleg med 51 millionar kroner til musea våre. Vi skulle gjerne bidratt med meir! Vi klarte å heve nokre av musea for 2018, men behova er store, og midlane knappe. Sjølv om vi får til eit lyft frå regionalt hald vil det monne lite. Dei store pengane må kome frå staten. Og når vi veit at Oslomusea får 310 kroner per besøkjande medan Hordalandsmusea får 120 kroner, så skjønar vi at potensialet for auke er enormt.

No må det vere Hordaland sin tur!

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg