Eit bispedøme for Vestlandet

I desse dagar feirar Vestlandet 950-årsjubileum for opprettinga av eit vestnorsk bispedøme, og minnet om ein prosess.

HELGENAR: Når Selja vart det første bispesetet har dette utvilsamt samband med martyrstaden for Seljumennene, skriv innsendar. Foto: Roar Christiansen (arkiv)

  • Alf Tore Hommedal
    Førsteamanuensis og kurator ved mellomaldersamlinga ved kulturhistorisk avdeling, Universitetsmuseet i Bergen
Publisert:

Det var Olav Kyrre (konge 1067-93) som ifølgje sagaen oppretta dei første bispeseta i Noreg, og då truleg tidleg i styringstida si: Eit vestnorsk med utgangspunkt i Gulatingsområdet og med bispesete på Selja, eit over Frostatingsområdet med bispesete i Nidaros og eit over Borga- og Eidsivatingsområdet med bispesete i Oslo.

Biskopane fekk faste tilhaldsstader med eit geografisk ansvarsområde; tidlegare hadde dei vore med kongshirda rundt om i landet. Ved å ta utgangspunkt i dei geografiske lovområda la ein seg på ein alt etablert, verdsleg organisasjonsstruktur ved opprettinga av bispedøma.

Det første vestnorske bispedømet omfatta eit stort geografisk område. Bispedømet strekte seg frå Agder i sør til Sunnmøre i nord, og omfatta dessutan delar av Valdres og Hallingdal i aust. Innan dagens organisasjonsstruktur for Den norske kyrkja omfattar det same området ikkje mindre enn seks bispedøme, heilt eller delvis.

Området vart snart delt i to: Om lag 1125 vart søre og austre del skilde ut som Stavanger bispedøme. Den resterande, nordre delen vart til Bergen bispedøme.

KULTURHISTORIE: Alf Tore Hommedal er førsteamanuensis og kurator ved mellomaldersamlinga ved kulturhistorisk avdeling, Universitetsmuseet i Bergen Foto: UiB

Når Selja vart det første bispesetet har dette utvilsamt samband med martyrstaden for Seljumennene. Desse var dei første helgenane som kunne knytast til norsk jord og dermed også gjeva ein heimleg, kristen identitet. Seljumennene, ifølgje legenda båtflyktningar frå Irland, skal ha lide martyrdøden på Selja i 960-åra. Beinrelikviane av martyrane skal vera funne i 996, altså om lag 70 år før opprettinga av bispedømet.

Framveksten av helgenstaden gjorde Selja viktig og sentral for Kyrkja i ei etableringsfase i Noreg. For Olav Kyrre og hjelpesmennene hans, må det difor ha vore viktig å få knytt helgenane til bispedømet, slik St. Olav og St. Hallvard vart knytte til sine bispedøme.

Etablering av band mellom helgenar og bispedøme må altså ha vore hovudgrunnen til at den vestnorske biskopen tok sete ved martyrstaden på Selja. Poenget blir understreka når vi ser på plasseringa Selja hadde, heilt nord og geografisk lite sentralt innan bispedømet.

RUINAR: Heilagstaden på Selja vart bygd ut til det store, monumentale anlegget som me i dag kjenner ruinane av. Foto: Privat

I løpet av dei følgjande hundreåra vart heilagstaden på Selja bygd ut til det store, monumentale anlegget som me i dag kjenner ruinane av. På heilagøya vart det på slutten av 1000-talet bygd ei bispekyrkje i stein, Kristkyrkja, som i dag inngår i klosteranlegget. Kunsthistorikaren Marit Nybø har argumentert for at Kristkyrkja er bygd som ei lita utgåve av Store Kristkyrkja som på same tid vart bygd i Bergen.

Ved bispesetet på Selja vart også eit av dei aller første norske klostera etablert, eit benediktinarkloster der munkane utvilsamt skulle vera biskopens hjelpesmenn i utbygginga av bispedømet.

Men munkane må også ha hatt ansvaret for det liturgiske livet ved, og utbygginga av, martyrstaden: helleren med det mektige terrasseanlegget som no ligg i fjellsida ovanfor bispekyrkja og klosteret. Banda som seint på 1000-talet vart etablerte mellom martyrstaden og bispesetet, vert understreka ved det arkeologiske funnet av ein mynt i det tidlege terrasseanlegget. Mynten er prega for – Olav Kyrre!

Les også

Langfredagsprosesjonen i Bergen ga trolig navn til Kalfaret

Les også

Flaum, ras og nedbør trugar fleire hundre kyrkjer og gravplassar – og langt verre kan det bli

Utbygginga av terrasseanlegget, også etter at biskopen var flytta til Bergen, har venteleg skjedd parallelt med utviklinga av helgenlegenda, der St. Sunniva gradvis vaks fram som hovudhelgen og leiar for Seljumennene. Etter at relikviane av St. Sunniva i 1170 vart overførte til Bergen, vart dei identitetsskapande helgenane såleis delte mellom bispebyen og Selja.

Der stod terrasseanlegget som eit monument og sanningsprov på legenda. Der vart relikviane av Seljumennene framleis æra, medan St. Sunniva meir overtok rolla som bispedømets og Bergen bys vernehelgen.

Olav Kyrre synest også å ha tenkt Bergen som bispesete, kanskje parallelt med Selja. Fleire forskarar, som arkitekturhistorikaren Hans-Emil Lidén, har peika på at der kan ha vore fleire samtidige bispekyrkjer i det tidlege, vestnorske bispedømet. Ifølgje sagaen fullførte Olav Kyrre ei provisorisk bispekyrkje i Bergen, Vesle Kristkyrkja. Kongen byrja dessutan oppføringa av ei større domkyrkje, den alt nemnde Store Kristkyrkja.

Det har vore hevda at Selja heldt fram som bispesete til 1170. Historikaren Knut Helle har likevel på ein overtydande måte argumentert for at dette ikkje er rett. Alt den første biskopen, Bjarnhard, tok fast sete i Bergen seint på 1000-talet, kanskje alt då den provisoriske bispekyrkja der var fullført.

Det kan såleis synast som om den ideologiske tilknytinga til Selja har vore viktigare for biskopen enn den reint fysiske.

DÅ: Dette kartet viser grensene for det fyrste, vestnorske bispedømet. Foto: Utarbeida av Alf Tore Hommedal.

Likevel må Selja og benediktinarane der ha spela ei sentral rolle også i tiåra etter at biskopen flytta. Dette går fram berre ved at det eldste klosteret i Bergen, Munkeliv, ikkje vart oppretta før ca. 1110, nærare 20 år etter at biskopen hadde flytta til byen.

Benediktinarane i Munkeliv har venteleg fungert som biskopens hjelpesmenn i utbygginga av bispedømet på same måte som benediktinarane på Selja. Fram til grunnlegginga av Munkeliv vil altså munkane på Selja ha hatt denne oppgåva aleine.

Eit tredje benediktinarkloster i bispedømet grunnlagt ca. 1120 ved opprettinga av Nonneseter i Bergen, argumenterer latinisten Åslaug Ommundsen for. Nonnene der vil også ha bidrege med til dømes liturgisk utstyr som trongst i bispedømet. Seinast ved delinga av bispedømet ca. 1125 synest det altså som om Bergen hadde overteke hovudfunksjonane i Bergen bispedøme, men der Selja framleis tok del og stod som det ideologiske forankringspunktet.

Dette forankringspunktet vart delvis overført til Bergen i 1170 då relikviane av St. Sunniva kom til bispebyen. Ved høgaltaret i Store Kristkyrkja vart Sunniva-skrinet ståande i 331 år. Ein ny epoke i bispedømet si historie tok til!