Send turistane til Arna

Politikarane i Bergen må sjå austover, der turistane kan oppleve fjord og fjell.

FJELL I AUST: I bergensarane sitt medvit er Vidden den definitive grensa austover. Det fører til få naturopplevingar for turistane, skriv innsendaren. Helge Sunde

Debattinnlegg

Erik Grytdal
Lokalmiljøkjennar, Indre Arna

Frisk luft kan gje klåre tankar. Politisk redaktør Frøy Gudbrandsen gir oss eit glimt av det i sin kommentar «Flere på Vidden» (8. februar). Ho undrast over kvifor me ikkje gir turistane meir av det me er mest glad i, nemleg fjell og fjord.

For bergensarane er Vidden den mest eksotiske lokale fjellopplevinga. Men i deira medvit er Vidden også den definitive grensa austover.

Bergen er ein sjøfartsby med blikket retta rakt vestover, og slikt vert det mest handel og lite naturopplevingar av.

Hordaland fylkeskommune peikar på reiseliv som ein av tre bransjar ein rår til å utvikle. Samstundes melder avisene at Bergen har problem med for mange cruiseturistar og turistbussar i sentrum. Dessutan manglar byen lokasjonar for gjestande bubilar, og den har heller ingen plan for å løysa dette.

Denne aukande tilstrøyminga av reisande kan, som Gudbrandsen er inne på, gjerast om til inntekter ved å utvida rommet for kvar det er tenkjeleg at turistane kan ferdast og overnatte. I staden svarar bystyret i sin handlingsplan for reiselivssatsing med å avgrensa talet på turistar i sentrum.

Les også

Slik skal Bergen unngå at byen blir en turistfelle

Bergen sine grenser strekkjer seg forbi Vidden, aust langs Sørfjorden heilt til Trengereid og Gulbotn. Dette ligg midt i eit fjell- og fjordlandskap som nettopp svarar til den naturen turistar spør etter.

Arna er den einaste bydelen i kommunen utanom sentrum som har dei kvalitetane som mogeleggjer ei reiselivssatsing.

Det er særleg to grunnar til dette. Arna står framfor ei ny utforming i kommuneplanens arealdel (KPA) som om det er politisk vilje til det, kan utformast for reiselivsføremål. Den andre er Arna si plassering med omsyn til trafikkårene, og då særleg K5-utbygginga med dobbeltspor til Voss.

Les også

Frøy Gudbrandsen: «Hvorfor gir vi turistene så lite av det vi selv elsker mest i Bergen?»

Det er vanskeleg å overdriva den rolla eit slikt jernbanetilbod vil få, med reisetid til Voss lik Bybanen til Nesttun. Likevel er det lite som tyder på at bergenspolitikarane enno ser at potensialet her er større enn Ringeriksbanen.

Framtidas K5 vert langt på veg eit lukka transportsystem. Det gjev tyngde til dei få opne stoppestadane, og dermed òg ein portfunksjon. Arna vert i framtida porten til dette fjell- og fjordlandskapet. Dagens opne ferdselsårer kan utviklast til morgondagens turisttilbod, når K5 er på plass.

Aust-vest-trafikken på både veg og jernbane vil passere her. Snart vil og nord-sør-trafikken gjere det same. Flyplassen på Flesland ligg like nært Indre Arna som Bergen sentrum.

Ein bør heller ikkje la seg overraska om det etter kvart òg kjem krav frå områda både nord og sør for Bergen å bli kopla på det nasjonale jernbanenettet. Det vil styrke Arna som trafikknutepunkt.

Indre Arna er det ein gjerne vil kalle ein arketypisk vestlandsstad, i enden av ein fjord som møter eit dalføre. Den einaste av slikt slag på Bergenshalvøya, og i seg sjølv karakterisert som svært vakkert fjordlandskap av tilreisande.

Arna ligg tett opp til nabokommunen Osterøy, både geografisk og kulturelt. Der er heller ikkje turisme noko nytt. Men no satsast det, både frå det lokale reiselivslaget og i utviklingsprosjekt i kommunal regi, for å utvikla turistprosjekt.

Indre Arna har derimot òg transportmogelegheitene og den ideelle plasseringa for overnatting og startpunkt for opplevingar. Det er her framtidas turistar finn det dei vil sjå – fjell, fjord og natur.

NÆR BYEN: Alt som skjer i Bergen kan me i framtida tilby hurtigare frå Arna, enn det no tar å nå Fløyen eller Vidden frå sentrum, skriv innsendaren. Tatiana Popova / Shutterstock / NTB scanpix

Forutan naturen omkring, kan Arna med eit etablert overnattingstilbod til dømes by på Bergen. Alt som skjer i Bergen kan me i framtida tilby hurtigare enn det no tar å nå Fløyen eller Vidden frå sentrum.

Ein kan her få byopplevingar kombinert med rolege omgjevnader. Av lokale opplevingar kan ein til dømes starte med å utvikla alt unike verdiar som museumsjernbane, lakseelv og krigsmuseum.

Frå Bergen ser det i dag annleis ut. KPA-framlegga peikar på bustadfortetting rundt kollektivknutepunkta, for Arna sin del i hovudsak jernbaneområda.

Enn så lenge er jernbaneområda offentleg eigedom, og kommunen må uansett i dialog for å endre bruken. Jernbaneområda er viktige og heilt unike aktivum for framtidig verdiskaping i Arna. KPA-framlegga om bustadbygging er dessutan så langt klart i strid med jernbanen sitt samfunnsoppdrag.

Å gjere delar av områda som ikkje skal brukast til jernbaneføremål tilgjengeleg for reiselivsføremål, som til dømes hotell- og serveringsverksemd, vil derimot vere innanfor samfunnsoppdraget.

Les også

Vil bygge ny taubane til Ulriken

Les også

Slik vil nye Ulriksbanen se ut

Arna er i den heldige situasjonen, i motsetnad til mange andre lokalsamfunn, at bydelen har dei naturgitte føresetnadane som skal til for å velje vekst i arbeidsplassar innanfor ei prioritert vekstnæring. Ikkje berre det. Tidspunktet der ferdselsårene er under bygging, og områdeplanlegginga er open, finst ein historisk politisk mogelegheit til å planleggja ei heilskapleg utvikling, som vil bli tatt vel imot både av innbuarar og investorar.

Bransjeorganisasjonane i området må gå saman om dette saman med jernbaneforvaltninga.

Bergenspolitikarane må retta blikket austover og sjå til kva verdiar ein er sett til å forvalta.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg