Sjukehusa 2035: «Alle må få brød før nokre kan få kake»

Skal vi levere helsetenester på same måte i 2035 som i dag, så krev det at kvar tredje 16-åring vel ei helsefagleg utdanning. Det er ikkje berekraftig.

BEHANDLING HEIME: Truleg vil meir av dei helsetenestene ein i dag får på sjukehus, i nær framtid skje i heimen til pasienten, skriv Herlof Nilssen. Roar Christiansen

Herlof Nilssen
Administrerande direktør i Helse Vest RHF

Robotar, dr. Watson og større ansvar for eiga helse? Overgangen til eit nytt år er tida for tilbakeblikk og prøve å sjå inn i glaskula. Det gjer vi også i Helse Vest. Sjølv om det alltid er knytt uvisse til å spå om framtida, så ser vi store endringar i horisonten. Endringar som vil få merkbare konsekvensar for både pasientar og helsepersonell.

Mykje er sjølvsagt usikkert, men det er også ein del vi veit om tida fram mot 2035.

For kvar time du er på jobb eller heime i dag, aukar den gjennomsnittlege levealderen med tolv minutt. Dette er sjølvsagt eit enormt framsteg, men det inneber stadig fleire eldre per yrkesaktive person. Og vi veit at ein 70-åring forbruker om lag dobbelt så mykje helsetenester som ein 40-åring. For å møte desse utfordringane, må vi jobbe annleis enn vi gjer i dag.

Les også

Historier fra Haukeland: Nattevakt

Skal vi levere helsetenester på same måte i 2035 som i dag, så krev det at kvar tredje 16-åring vel ei helsefagleg utdanning. Det er ikkje berekraftig. Difor må vi endre måten vi jobbar på med mange ulike tiltak – på mange frontar. Truleg vil meir av dei helsetenestene ein i dag får på sjukehus, i nær framtid skje i heimen til pasienten. Pasientar vil i større grad få ansvar for sjølvbetening av opplysningar og gjere målingar og registreringar sjølve – med støtte frå sjukehuset.

Les også

Herlof Nilssen: Feil kan skje – og vil skje

Vi veit også at krav til kompetanse hos helsepersonell vil endre seg. Vi treng nokre med breiare kompetanse, slik at dei i større grad kan sjå heile pasienten – ikkje minst er det viktig for dei med fleire sjukdommar. Og vi treng nokre som blir endå meir spesialiserte. Det gjeld for eksempel innan behandling av sjeldnare tilstandar der det er færre pasientar. Desse pasientane skal i større grad behandlast på ein plass av eit fåtal legar og kan difor ikkje alltid forvente å få behandling nær heimen.

Små sjukehus vil likevel ha nok å gjere. Behovet blant kronikarar og eldre vil auke enormt. Vi må også sjå på korleis vi organiserer oss – mellom ulike sjukehus og på tvers av avdelingar – for å levere helsetenester betre og meir skreddarsydd kvar enkelt pasient, samtidig som det skjer på ein effektiv måte. Dei standardiserte pakkeforløpa som dei siste åra er innført for kreftpasientar er eit vellykka eksempel, og ei støypeskei for organiseringa av pasientbehandling innan mange andre fagområde.

Vi veit også at teknologien gjer sitt inntog i sjukehusa i rasande fart. Det handlar om så mykje forskjellig. Dr. Watson-teknologi, der datamaskiner hjelper helsepersonell i å stille diagnosar og finne rett behandling. Smarte dataprogram som tek over rutinearbeid og registreringar – plunder og heft – som ikkje må gjerast manuelt. Robotassistert teknologi innan kirurgi. Sjølvbetente løysingar der pasientar og pårørande oppdaterer eigne opplysningar, og der det meste av dialogen med sjukehuset føregår. I det store og heile må nok framtidas pasientar førebu seg på å ta eit større ansvar for eiga helse. Eg trur det blir ein styrke både for pasientane og oss.

Les også

Legeforeningen i Helse Bergen: I praksis må man være sin egen vikar

Budsjetta våre vil truleg bli strammare i framtida enn dei har vore. Den medisinske utviklinga går fortare enn nokon gang og det blir ei kjempeutfordring å hengje med. Vi vil i større grad måtte prioritere mellom behandlingar fordi vi ikkje har råd til alt. Det gjeld ikkje minst nye, dyre medisinar innan for eksempel kreftbehandling. Her må vi alltid velje gevinsten for pasientane opp mot det medisinen kostar. Vi har avgrensa midlar til rådvelde, og dersom vi brukar meir pengar på medisin, så må vi bruke mindre på eit anna område.

Utfordringa blir å balansere dette slik at prioriteringane våre blir riktige. Vi skal prioritere innanfor eit fagområde, og samtidig på tvers av alle fagområde vi har. Difor må vi alltid sjå på om dei pengane vi har kan gjere mest nytte for seg innan rusbehandling, psykisk helsevern – eller om dei skal brukast på meir kirurgi eller nye medisinar. Som helsefagdirektøren vår, Baard-Christian Schem så treffande seier det «Alle må få brød før nokre kan få kake.»

Prioritering er vanskeleg, men prioritering skjer uansett om vi er bevisste på det eller ikkje. Prioriterer vi opp noko, så går det automatisk utover noko anna. Vi må sørgje for å ha eit system som sikrar at fordelinga av ressursane blir mest mogeleg rettferdig.

Les også

Ikke ødelegg legevakten

Ei av dei største utfordringane vi har framfor oss er å få til ei god oppgåvedeling og godt samarbeid mellom spesialisthelsetenesta – med sine sjukehus og institusjonar – og kommunehelsetenesta – med sine fastlegar og sjukeheimar. Her står utfordringane i kø, og dei er av både juridisk, teknologisk og «kulturell» karakter. Ein av nøklane til å oppfylle «pasientens helseteneste» som er helse- og omsorgsminister Bent Høie og vår felles visjon, ligg nettopp her.

Andre kjempestore utfordringar vi har framfor oss er eksplosjonen i livsstilsrelaterte og kroniske sjukdommar, samt auken i førekomst av kreft og demens. Dette vil setje både spesialisthelsetenesta, men ikkje minst kommunehelsetenesta på prøve. Antibiotikaresistens er ei anna dyster utfordring som vi berre har sett starten på i våre sjukehus. Klarer vi ikkje å få bukt med dette problemet, vil sjukdommar som i dag er nærmast utrydja ta fleire liv enn kreft i ei ikkje altfor fjern framtid.

Vi har ikkje svaret på alle utfordringane vi veit kjem – og i alle fall ikkje på dei vi ikkje kan føresjå. Men ved å skaffe oss oversikt over noko av det vi har framfor oss, kan vi starte jobben med å finne løysingar. Den jobben er vi godt i gang med no.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg