No ser eg Bygdedyret

Han høyrdest ut som alle eg var glad i, og han fortalde meg at Gud hata korleis eg var.

Med denne teksten vann Thomas Sivertsen (22) skrivekonkurransen til BT og Studvest.
  • Thomas Sivertsen
    Bergen
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

I min oppvekst såg eg ikkje kor tilpassingsdyktig Bygdedyret var, kor flink han var til å gøyme seg bak smil og fasadar, men no ser eg han, skimtar han i folk. Eg trur det var han som kviskra til meg om nettene. «Du kan ikkje vera slik.» «Du er sjuk.»

Bygdedyret såg ut som alle eg kjente, han byta ansikt. Ein fiskar, ein lærar. Han var ein prest, ei slektning, han spelte fotball. Dyret var gutane i klassen, og han sprang etter meg fort, og når han ikkje sprang, lét han meg vera åleine i friminutta, heilt åleine.

Ein dag på bussen kalla han meg for homo, han sa det fleire gongar, og alle høyrde det, men ingen sa noko, han var dei òg. Eg var gammal nok til å skjøne kva det betydde, og eg skjønte at han ikkje meinte godt. Det var gale å vere homo her ute i havgapet.

Dyret gav meg ikkje kvile, han høyrdest ut som alle eg var glad i, og han fortalde meg at Gud hata korleis eg var. Så eg byrja å be. Eg bad til Gud om at han måtte endre meg, om at han skulle ta kjenslene mine, slik at eg kunne vere lik dei andre.

Det kom inga endring, var det då eg som var problemet? Var ikkje trua mi sterk nok? Herifrå gjorde eg som Bygdedyret kviskra i øyra mitt, så eg byrja å spele ein annan gut. Eg spelte ein gut som passa inn med dei andre gutane i klassen, ein gut som vart forelska i venninnene sine, eg spelte sonen som Dyret sa foreldra mine ønska seg.

Thomas Sivertsen tar for seg oppveksten i ei bygd på Vestlandet.
Les også

De ble ansett som skitne, syke og kriminelle. Dette er uretten som skeive nå får unnskyldning for.

Eg spelte rolla mi bra og lenge. Fyrste akt var ferdig, og kulissane endra seg bak det tunge sceneteppe. Eg flytta heimanfrå og byrja andre akt ein ferjetur unna.
Det var då eg skjønte det. Det var då eg såg han.

Det tok å flytte over fjorden for å sjå skikkeleg, og for å innsjå at Bygdedyret ikkje kunne symje. Han bur i husa til dei som slepp han inn, og han hoppar mellom øyene, men der vert han verande. Eg skjønte då at alt var løgn, det var ingenting gale med meg, eg var skapt slik. Eg såg at alt var eit stort, innfløkt skodespel. Eg slutta å spele ein annan gut, og dei rundt meg fekk bli kjent med guten eg alltid hadde vore.

Den gongen visste eg ikkje om Bygdedyret og kva han kunne gjere, men no ser eg han. No veit eg korleis han ser ut, kor fort han spring, og korleis han høyrest ut. Han brølar ikkje som løva, og han hissar ikkje som slangen. Han kviskrar med tusen stemmer. Han høyrest ut som –

Deg.

Publisert: