På lag for gode helsetenester

Skal vi løyse dei utfordringane vi har framfor oss, krev det at vi alle drar lasset saman.

Publisert Publisert

Skal vi nå dei måla vi set oss, må vi leggje til rette for at medarbeidarane får utvikle og bruke kompetansen sin best mogleg, skriv Herlof Nilssen.

Debattinnlegg

  • Herlof Nilssen
    Administrerande direktør i Helse Vest RHF

Nokre av reaksjonane på kronikken min om sjukehusa i 2035, viser at mange synst det er skummelt å tenkje på framtida. Utfordringane der framme er store og komplekse og løysingane ukjende. Derfor blir eg glad når eg les svaret til Mette Mikkelsen i Norsk sykepleierforbund i BT i dag.

Mikkelsen er tydeleg på at sjukepleiarane aktar å brette opp ermene og ikkje berre møte utfordringane som kjem. Dei vil eige dei og vere med og finne dei beste løysingane. Det er akkurat dette engasjementet vi treng frå alle yrkesgruppene våre.

Les også

Sjukehusa 2035: «Alle må få brød før nokre kan få kake»

Skal vi løyse dei utfordringane vi har framfor oss, krev det at vi alle drar lasset saman.

Skal vi nå dei måla vi set oss, må vi leggje til rette for at medarbeidarane får utvikle og bruke kompetansen sin best mogleg.

Medarbeidarane er den viktigaste ressursen vi har i sjukehusa. I dag og i framtida. Difor er deira kompetanse eit høgt prioritert område – og ein av dei viktigaste nøklane til å finne gode løysingar for at pasientane skal få mest mogleg – og best mogleg - helsetenester for pengane.herlof

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg