Urovekkjande statsrådkandidat

No får vi ei ny regjering der kriminalpolitikken vil stå sentralt. Sjølv om også Høgre har vore ute og lova lågare standard for utanlandske fangar, reknar eg med at Solberg som ein ansvarleg statsminister vil følgje opp norsk og internasjonalt lovverk på dette området.

STATSRÅD? -Eg reknar med at Sandberg kjenner til Dei europeiske fengselsreglane som kom i revidert utgåve i 2006.

  • Torfinn Langelid
    Bergen
Publisert:

Per Sandberg (Frp) er leiar i Justiskomiteen på Stortinget. Då skulle ein tru at mannen har kjennskap til både norsk lovverk, internasjonale konvensjonar og rekommandasjonar. Utspelet hans i Dagbladet 5.september tyder ikkje på det. Det er urovekkjande sidan han er aktuell til å bli den neste justisministeren. Denne gongen er det dei utanlandske kriminelle det går utover. Han vil samle alle dei 1300 utanlandske i eitt fengsel. Men kjære Sandberg – vi har ikkje så stort fengsel i dag. Det største er Oslo fengsel som husar om lag 380 fangar. Du må byggje nytt – det største fengslet nokonsinne, og det vil koste milliardar av kroner.

Velferdsgoda, permisjonar og sosiale gode skal det bli slutt på. Eg må minne deg på at Noreg som rettsstat og det norske Stortinget har skrive under ei rekkje viktige internasjonale konvensjonar og rekommandasjonar som legg føringar også for kriminalpolitikken. Det medfører at vi er pliktige til å følgje dei opp. Eg skal ta ein kort gjennomgang for leiaren i justiskomiteen. Dette gjeld særleg eit universelt gode som retten til utdanning.

Det er urovekkjande sidan han er aktuell til å bli den neste justisministeren.

Eg minner om St.meld.nr. 27 (2004-2005) som Bondevikregjeringa v/statsråd Clemet la fram våren 2005. Der seier regjeringa mellom anna Departementet går derfor inn for at retten til opplæring for utenlandske fanger må sikres, om nødvendig gjennom lov— og forskriftsverk forutdanningssektoren. Slik opplæring skal ha sommål å kvalifisere de utenlandske fangene for arbeid eller videre utdanning i sitt eget hjemland.

Når det gjeld internasjonale konvensjonar, er det verdt å vise til FNs verdsfråsegn om menneskerettar av 1948, artikkel 26: Enhver har rett til undervisning. Undervisningen skal være gratis, i det minste på de elementære og grunnleggende trinn. …Alle skal ha adgang til yrkesopplæring. …Undervisningen skal ta sikte på å utvikle den menneskelige personlighet og styrke respekten for menneskerettighetene og de grunnleggende friheter. Den skal fremme forståelse, toleranse og vennskap mellom alle nasjoner og rasegrupper eller religiøse grupper og skal støtte De Forente Nasjoners arbeid for å opprettholde fred.

Vidare har vi Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) av 04.11.1950 med seinare tilleggsprotokollar. I artikkel 2 i første tilleggsprotokoll heiter det at Ingen skal bli nekta retten til utdanning. Dette gjeld besteborgarar som kriminelle, innfødde som utlendingar.

I tillegg har vi FN-konvensjonen av 16.12.1966 om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar (ØSK). Konvensjonen har i artikkel 6,7 og 13 meir utførlege reglar om arbeid utdanning på ulike nivå. I følgje artikkel 6 godkjenner dei deltakande statane « …retten til arbeid» og i artikkel 13 (1) godkjenner dei deltakande statar «… retten for einkvar til utdanning».

For å styrkje både EMK og ØSK i norsk rett vedtok Stortinget i 1999 menneskerettsloven. Her er EMK og ØSK inkorporert i norsk rett. I tillegg til at desse konvensjonane no gjeld som norsk lov, går dei føre annan norsk lovgjeving ved motstrid. Konvensjonane er juridisk bindande.

I tillegg har vi og viktige rekommandasjonar som Noreg har forplikta seg på å følgje opp. Alt i 1984 kom Europarådet med ei tilråding om utanlandske fangar The Council of Europe’s Recommendations concerning foreign prisoners No. R (84) 12. Her blir det sagt at utanlandske fangar skal ha same tilgang til utdanning og yrkesopplæring som nasjonale fangar.

I 1990 kom Europarådet med rekommandasjonen om Opplæring i fengsel (No. R (89/12) som seier mellom anna at alle fangar skal ha tilgang til opplæring. Opplæringa bør vera lik den opplæringa som tilbys tilsvarande aldersgrupper utanfor fengslet.

Eg reknar med at Sandberg kjenner til Dei europeiske fengselsreglane som kom i revidert utgåve i 2006 (2006)2. Der står det at ein spesielt skal ta omsyn til fangar som høyrer til etniske eller språklege minoritetar (§38.1).

Dette er eit lite knippe av regelverket som regulerer kriminalpolitikken og som også er gjeldande for utanlandske fangar. Eg går utifrå at Sandberg som leiar i justiskomiteen og fremste representanten for lov-og ordenpartiet, lojalt vil følgje opp dei internasjonale konvensjonane og rekommandasjonane som Noreg som rettsstat har forplikta seg på. No får vi ei ny regjering der kriminalpolitikken vil stå sentralt. Sjølv om også Høgre har vore ute og lova lågare standard for utanlandske fangar, reknar eg med at Solberg som ein ansvarleg statsminister vil følgje opp norsk og internasjonalt lovverk på dette området.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg