Er Bergen det nye Oslo?

Det er på høg tid at makt og viktige jobbar vert flytta frå Oslo til regionane. Men det er til lite hjelp viss nye regionar avlar nye maktkonsentrasjonar.

Publisert: Publisert:

UTKANT: Kva blir att av Sogn og Fjordane i ein ny vestlandsregion, spør Randi Førsund (her saman med filmskapar Nils Gaup) Foto: Oddleiv Apneseth

Debattinnlegg

Randi Førsund
Ansvarleg produsent/manusforfattar Hemnen-prosjektet

Eit samanslått vestlandsfylke er godt nytt for Noreg og vestlandsregionen, ifølgje BT-leiaren 16. september. Ein slik region treng fleire oppgåver og meir makt. Flotte ord som passar til ein vakker og naturskjøn dag i vestlandsregionen, men like ullent og lunefullt som regn, storm og ras. Som sjølvsagt er ein del av vår vakre utamde region.

Då vestlandshistoria vart skrive for nokre år sidan, fall så lite av merksemda og interessa ned mellom Sogn og Fjordane sine djupe fjordar og spanande kyst at far min, Finn B. Førsund, tok til orde for eigen fylkeshistorie. Denne vert til i desse dagar, med støtte frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Kvifor vart Sogn og Fjordane så lite «med» i vestlandshistoria? Korleis kan det minste fylket i folketal ha innverknad på viktige og naudsynte (upopulære) tiltak i ein vestlandsregion? Er politikarane i Sogn og Fjordane tøffe nok til å køyre fram sakene sine? Kven høyrer i så fall på dei i kjøttunge strok i Bergen og Stavanger? Kva kultur skal Sogn og Fjordane få hand om? Inkluderer det deler av norsk film? Er ikkje denne type organ øyremerkt Bergen om Oslo skulle bli køyrt så hardt at dei til slutt må gje slepp på litt makt i håp om at norsk film endeleg kan markere seg og vinne eit internasjonalt publikum?

Det er på høg tid at makt og viktige jobbar vert flytta frå Oslo til regionane. Men det er til lite hjelp viss nye regionar avlar nye maktkonsentrasjonar der dei minste vert forvist fordi dei er minst – sjølv om dei er best. Viss kulturen skal leggjast under Sogn og Fjordane, då er det vel sjølvsagt at språket i vestlandsregionen er nynorsk?

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg