Mesterhus foreslår gjenbruk av dårlege idear

Byen blir ikkje betre om vi held fram med å legge til rette for bilar.

Ein framleis utbygging av Bybanen er viktig for god byutvikling i Bergen, skriv innsendaren. Her frå bybanestoppet på Wergeland. Foto: Marita Aarekol (arkiv)

  • Joakim K. Myklebust
    Bystyrerepresentant, MDG
Publisert Publisert
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

I BT 30. mai kan vi lese at Karl Arne Jespersen i Mesterhus Norge vil at det skal byggast fleire einebustader i Bergen, eller kort sagt – ein pølseseljar vil selje fleire pølser.

Jespersens argumenterer for at vi ikkje treng å bygge tett rundt Bybanen fordi vi kan løyse transportutfordringane i Bergen med sjølvstyrte elektriske bilar. Det er ei feilslutning å hevde at vi kan halde fram med å bygge motorvegar i og rundt dei store byane, berre vi fyller dei med elbilar framfor fossilbilar.

Joakim K. Myklebust tek til orde for varierte bumiljø i Bergen. Foto: Privat

Byen blir ikkje betre om vi held fram med å legge til rette for bilar. Vi må bygge bybane – slik som dagens byråd jobbar for å bygge til Åsane og Spelhaugen. Skjenegåande transport er genialt, fordi det krev lite plass, har stor kapasitet og ikkje blir ståande fast i bilkø.

Vi må ta innover oss at vi har ei klima- og naturkrise og der Jespersen sine planar om småhusutbygging ville føre til at byar veks i utstrekning og fører til meir nedbygging av natur, vil vi verne natur, vassdrag og matjord. Dette gjer vi gjennom fortetting med god kvalitet.

Den overordna planen for kvar og korleis vi skal bygge bustader i Bergen er fastsett i kommuneplanen sin arealdel. I denne er det sett grenser for kor vi skal bygge. Samtidig har vi lært av utviklinga langs Bybanen i Bergen sør. For at folk skal ha det bra i husa og nabolaga sine, må vi vektlegge omsynet til kvalitet i utbygginga tungt, medrekna godt tilpassa høgder og storleik på nye bygg.

Les også

Delta i BTs skrivekonkurranse, «Den nye normalen». Førstepremie: 10.000 kroner.

Vi vil ikkje ha fleire kompakte og lite trivelege blokker. Vi vil ha varierte bumiljø i Bergen – med både låge og litt høgare leilegheitsbygg, rekkehus og til og med nokre nye småhus som eine- og tomannsbustader. Nye småhus må likevel kome som fortetting i eksisterande småhusområde slik at vi ikkje bygger ned meir natur.

Rundt bybanestoppa vil vi ha meir bystruktur med sentrumspreg, og jo lenger unna ein kjem desto mindre kompakt utbygging. I Bergen er andelen einebustader høg samanlikna med Oslo.

Det er heller ikkje slik at alle barnefamiliar nødvendigvis vil ha ein einebustad, men ein ynskjer gjerne kvalitetane som vi ofte forbind med einebustader. Vi kan også bygge leilegheiter der både barn og vaksne kan trivast.

Skal vi få til det, må leilegheitene vere store nok, dei må ha uteareal på bakkeplan i tilknyting til bustaden og sjølvsagt ha nok sol på platting og plen. Dette er nokre av krava som kommuneplanen sin arealdel stiller til nye prosjekt.

Bergen er og skal fortsette å vere ein god by å bu i for både småbarnsfamiliar, studentar og eldre. I motsetning til Jespersen har byrådet med MDG i førarsetet visjonar for korleis vi kan gjere det samtidig som vi tar vare på natur, matjord og klimaet, som vi er grunnleggande avhengig av.

Publisert
  1. Bergen
  2. Byutvikling
  3. Utbygging
  4. MDG
  5. Transport

Les mer om dette temaet

  1. – Vanlege folk blir haldne utanfor debatten om korleis byen deira skal sjå ut

  2. Sammenligner Bergens nye bydel med en turistfelle i Syden

  3. Arkitekt foreslår å gjøre Bergens nye bydel enda større

  4. – Bergen har nok eneboliger

BT anbefaler

Trude (38) vart brutalt overfallen på jobb. Då starta ein ni år lang kamp.

Trude Gruben Breivik og mannen hadde kjøpt nytt hus på heimstaden. Fødselspermisjonen med barn nummer to var straks over.