Nynorsk er ein del av BT

Nei, Bergens Tidende kan ikkje prioritere ned nynorsken, og gjer det heller ikkje.

IKKJE TVANG: BT er ei liberal avis, og vil ikkje bruke tvang. Det treng heller ikkje nynorsken i Bergens Tidende, skriv sjefredaktør Øyulf Hjertenes. Foto: Vegar Valde

Publisert:

Nynorsk er ein naturleg del av Vestlandet, og derfor også ein naturleg del av Bergens Tidende. Derfor er eg heilt samd med Peder Lofnes Hauge i Noregs Mållag: BT kan ikkje nedprioritere nynorsken (BT 31.10.16). Det gjer vi heller ikkje.

Journalistar i Bergens Tidende kan sjølv velje om dei vil skrive nynorsk eller bokmål. BT er ei liberal avis, og vil ikkje bruke tvang. Det treng heller ikkje nynorsken i Bergens Tidende. Mange av dei mest språksikre skribentane i Krinkelkroken skriv nynorsk. Mange av dei beste tekstane i avisa er på nynorsk.

Talet på nynorskartiklar varierer frå dag til dag – også nynorskskribentar har fri frå tid til anna. Vi tel heller ikkje. Fridomen til å skrive bokmål er den same som fridomen til å skrive nynorsk. Bergens Tidende skal spegle både byen og regionen.

Derfor treng ikkje Hauge frykte for nynorsken i denne avisa. Nynorsk er kultur, historie, tradisjon og ikkje minst identitet på Vestlandet. Derfor er nynorsk også ein naturleg del av Bergens Tidende.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg