Denne villaen bør Bergen sikre seg

Kvifor ikkje gjere Grung-villaen til Bergens visingsstad for arkitektur?

Bergen manglar ein formidlingsstad for arkitektur. Med «Villa Lau Eide» i Fjellveien har vi sjansen, meiner innsendaren.
  • Nicholas H. Møllerhaug
    Forfattar av bok om Grung og tidlegare arkitekturmeldar
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
Les også

Obs: Siste frist mandag. Skriv et innlegg, vinn 10.000 kroner!

I årevis har Bergen mangla ein visingsstad for byens uvanleg rike arkitekturhistorie. Det går det an å gjere noko med – men berre no.

Nyleg blei Leif Grungs meisterverk Villa Lau Eide frå 1935 lagt ut for sal. Burde ikkje Bergen kommune og Kode snudd seg på rappen og gjort dette bygget tilgjengeleg for offentlegheita?

Eg trur ikkje eg er den einaste som har tenkt: Burde ikkje Bergen hatt ein
formidlingsstad for arkitektur, liknande den Oslo har hatt sidan år 2000 – Villa
Stenersen?

I dag meldte denne tanken seg for fullt for meg igjen, då eg såg at Leif Grungs
legendariske Villa Lau Eide no er til sals. Eit bygg som ikkje berre er rekna som
hovudverk i norsk arkitekturhistorie: Det fekk også internasjonal merksemd, antatt på verdsutstillinga i Paris i 1937. Eit bygg som framleis verker moderne – og som samstundes fortel ein del om Bergen som nyfiken by.

For dette huset hadde det aldri blitt noko av utan ein uredd byggherre. Det var Grungs svoger Lau Eide – ein av landets fremste ingeniørar innan betongteknologi – som gjorde dette mogeleg. I 1934 lét han svogeren få frie tøyler – her skulle ein ikkje spare på noko som helst. Dermed fekk Leif Grung ein sjeldan anledning til å teikne slik han berre drøymde om å gjere. Som oftast var han nøydd til å gjere kompromiss med huseigarane og andre når han teikna, men ikkje her.

Kalmarhuset er eit av Grungs mest kjende bygg.

Gjennombrotet gjorde det mogeleg for Grung å teikne endå fleire bygg som peikte framover – bygg som også er meisla fast i arkitekthistoria: Blaauwgården og Kalmarhuset er dei mest kjende.

Diverre førde suksessen og nyskapinga til stor uro blant mange av byens meir
tradisjonelle arkitektar – noko som igjen førde til eit drama av dimensjonar under krigen. Rykte om at han var landssvikar, fekk fritt spelerom, medan han eigentleg var dobbeltagent for britiske toppetterretning. Skuldingane pressa han til det ytste, og 6. oktober 1945 tok han sitt eige liv som følgje av skuldingane. Alt saman fabrikkert av ein handfull kollegaer.

Då eg kom ut med boka mi «Stupet – Leif Grungs krig» i 2016, som omhandlar dette spelet, blei eg overraska over informantar som fortalde om angeren i miljøet etterpå. Mange av hans mest sentrale motstandarane angra resten av livet på det dei hadde vore med på.

Resultatet var at Leif Grung blei neglisjert i fire tiår. Mange av hans aller finaste bygg blei totalvandalisert. Eit heilt unikt unnatak er Villa Lau Eide, som var i familiens eige fram til nittitalet. Ved eit under var det arkitekten Geir Brekke som kjøpte det – og dermed har det vore i dei beste hender fram til i dag.

Burde ikkje det vore grunn nok til at Bergen kommune kjøpte huset – og gjorde det tilgjengeleg for offentlegheita? Bygget med sine store veggflater er perfekt som den visingsstaden byen manglar. Kunne ikkje Villa Lau Eide blitt Kodes aller første avdeling for arkitektur – slik Villa Stenersen er Nasjonalmuseets visingsrom?

Kva vil du skrive om? Send eit innlegg til debatt@bt.no! Usikker på korleis ein gjer det? Sjå tips på denne sida.

Publisert: