7-åringar driv ikkje med vald

DEBATT: Barn er ikkje vanskelege, dei har det vanskeleg.

STIGMATISERANDE: Så lenge norsk skule brukar det stigmatiserande omgrepet vald om mindreårige elevar som skubbar, slår og sparkar, vil me ikkje lukkast i å redusera åtferda, skriv Beate Gauden.

Illustrasjonsfoto: Berit Rolad/Scanpix
  • Beate Gauden
    Mastergrad i spesialpedagogikk, leiar for barnehage og skule i Kvam herad

Alle har rett på trygt og godt skulemiljø. Ingen skal oppleva å vera redde på skulen. Likevel skjer det som ikkje skal skje. Barn vert slått. Vaksne vert slått. Løysinga ligg i innstillinga vår.

Skuleleiarar lokalt og nasjonalt arbeider med å finna gode løysingar når barn slår, sparkar og skremmer medelevar og tilsette i skulen. I dette arbeidet vurderer me i vår kommune at grunnleggande barnesyn, vår innstilling, vårt språk og vår måte å møta barn på er avgjerande. Korleis me omtaler barn og deira utfordringar har stor betydning for om me lukkast.

MAKT: Det er kraft i språket vårt. Omgrepet «vald» bør ikkje nyttast når barn i barneskulen slår, meiner Beate Gauden.

Privat

Før snakka me om vanskelege barn, no snakkar me om barn som har det vanskeleg. Dette er eit pedagogisk paradigmeskifte: Barn er ikkje vanskelege, dei har det vanskeleg.

Barn gjer så godt dei kan. Barn som slår, gjer det av ein grunn. Den grunnen treng me å finna. Barn som slår gjer det i ei kjensle av avmakt og fortviling. Aggresjon vert botemiddel på avmakt. Aggresjon kjem som følgje av frustrasjon. Då er ikkje straff, refs, sanksjonar, igjensitjing eller utvising løysinga.

Då er det førebygging som gjeld. Varm profesjonalitet. Me må møta dei på kjenslene deira, prøva å forstå dei innanfrå, og aldri slutta å visa at me likar dei. Å ikkje bli likt kan vera starten på vond barndom.

Det er kraft i språket vårt. Språk er makt. Omgrepet «vald» bør ikkje nyttast når barn i barneskulen slår. Vår språkbruk legg føringar for korleis me oppfattar barna og korleis me møter dei. Omgrepet vald vert brukt om kriminelle straffbare handlingar, ofte knytt til seksuelle overgrep og vald. Det gjev oss umiddelbart avsky og assosiasjonar som påverkar vår reaksjon.

Så lenge norsk skule brukar det stigmatiserande omgrepet vald om mindreårige elevar som skubbar, slår og sparkar, vil me ikkje lukkast i å redusera åtferda. Vil me ha endring, må me sjå på «valdeleg åtferd» som noko anna enn vald. Kallar me deira handlingar vald, vurderer og reagerer me på det som vald. Ser me på deira handlingar som fortviling og avmakt, reagerer me annleis, og barnet vert ikkje «dømt».

Er innstillinga vår at barnet eig problemet åleine, vil me mislukkast. Barn lærer ikkje å oppføra seg betre gjennom at me får dei til å kjenna seg verre. Når barn opplever seg sett, likt og forstått, oppfører dei seg betre. Den som har det trygt og godt treng nemleg ikkje slå andre.

Det er ikkje barnet si skuld at situasjonen er som den er. Det er me vaksne som ikkje har funne den rette løysinga enno. Dette må kommuniserast til barnet. Me treng å byta ut både innstilling og språk for å finna nøkkelen, men når me alle finn nøkkelen vil det koma ein stille revolusjon i skulane våre, hjå dei tilsette, foreldra og i barna våre.

I mellomtida gjeld det å øva på dette, slik at dei gamle refleksane ikkje får regjera.

Har du meninger? Send oss en e-post. Følg BTmeninger på Facebook!

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg