Det finst millionar av «Exit»-menn der ute

DRYGT: Henrik (Tobias Santelmann), Jeppe (Jon Øigarden), Adam (Simon Berger) og William (Pål Sverre Hagen) er fire menn i finansbransjen som trår langt over moralske grenser i jakt etter spenning. NRK/Ingeborg Klyve

Debattinnlegg

Bjørn Bremerthun
Bergen

Sjå ein episode av serien «Exit» på NRK og spør deg sjølv: Er det greitt å godta eit økonomisk system som skapar slike personar som vi møter her?

Serien er basert på intervju med fire finansfolk, og ifølgje serieskaparane bekreftar andre finansfolk at serien gir ei realistisk framstilling av delar av dette miljøet. Ein kapitalisme med mindre og mindre offentleg innblanding, større og større klasseforskjellar og med ein dominerande finanssektor har vore den framherskande ideologien i dei fleste land dei siste 40 åra.

Det er fritt spelerom for denne typen kapitalistar, ja dei blir heia fram. Det finst millionar av slike «Exit»-menn der ute, og dei har herredøme over store verdiar.

Dette er folk som har tent sine første hundre millionar før dei har fylt tretti, og får «kick» når dei får beundrande blikk og applaus i styreromma, der høgast mogeleg profitt er det einaste som tel.

Dette er folk som ser verda som si leikegrind der ingen reglar finst, som brukar og kastar menneske, som sparkar vaskehjelpa fordi ho tørkar støv av vinflaskene.

Det er sjølve systemet som avlar fram eit slikt menneskesyn og kvinnesyn.

Ein vakker tanke: Lat desse mennene få på ein kjeledress, lat dei få sitje i kassen på Rema, lat dei stå framfor 25 elevar i eit klasserom. Lat dei få utøve eit ærleg dagsverk. Eit økonomisk system som let slike utfalde seg fritt, har ikkje livets rett.

Folk flest vil ikkje ha eit slikt samfunn. Systemet må rett og slett veltast, og erstattast med eit anna system der vanlege folk har herredøme over verdiane. Der fellesskapet er berebjelken i samfunnet.

You may say I’m a dreamer, but I’m not the only one.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg