Framleis mogeleg å stoppe Bybanen før Fyllingsdalen

DEBATT: Vi må gå kritisk gjennom prosjekta og spørje oss kor det kan kuttast.

DYRT: Tilleggskostnaden med å føre bybanen inn i Fyllingsdalen er ikkje i rimeleg høve til nytteverdien. Fyllingsdalen har eit av byens beste kollektivsystem frå før, skriv innsendarane. Rune Sævig (arkiv)

Debattinnlegg

  • Nils Haugland
  • Knut Inge Andersen

BT uttrykker på leiarplass at det «heldigvis» ikkje er mogeleg å stanse bybaneprosjektet til Fyllingsdalen og ha Kristianborg som siste stoppestad.

Slik vi ser det, står tilleggskostnaden med å føre bybanen inn i Fyllingsdalen ikkje i rimeleg høve til nytteverdien. Denne delen av prosjektet utgjer rundt rekna halvparten av investeringa på 7–8 milliardar. Fyllingsdalen har eit av byens beste kollektivsystem frå før. Korleis kan BT då skriva «heldigvis»?

Les også

Les leiaren som FNB svarar på: «Bybanen stoppar ikkje»

«Det er ikkje mogeleg», seier BT vidare. Dette er noko vi ofte blir møtt med. Og så får me sjå eit bilete av ein tunnel der arbeidet knapt er igangsett. Det er rett at kontraktar er inngått, men det er sjølvsagt alltid mogeleg å stoppa arbeidet og kompensera entreprenøren.

Vi har programfesta at vi vil seie opp byvekstavtalen i den forma vi kjenner den i dag. Eitt av argumenta er at økonomien ikkje går i hop. Inntekter står ikkje i høve til investeringar og samla gjeld i den planen som ligg føre.

Noko av det mest ansvarlege ein kan gjere vil då vere å gå kritisk gjennom prosjekta. Kor kan ein kutte? Kva treng vi – eigentleg?

Det er i interessa til alle byen sine innbyggarar å behalde ein sunn kommuneøkonomi. Det er vårt utgangspunkt, og det er difor vi har plikt til å leite etter løysingar som kan halde Bergen si gjeld på eit meir berekraftig nivå.