Nokon må ha omsorg for omsorgspersonane
- Eskild HustvedtSjukepleiar og avdelingstillitsvald for Fagforbundet ved kreftavdelinga på Haukeland Universitetssjukehus

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt livesenter for siste nytt om korona-utbruddet.
-> Gå til livesenteret

Det er dobbel krise i helsetenesta.
Ei kronisk underfinansiert teneste skal no handtere ein pandemi. På rekordfart har sjukehusa og kommunehelsetenesta lagt om drifta, for å kunne ta imot og ta vare på dei mange menneska som kjem til å verte sjuke med Covid-19. Medan store deler av Noreg sit heime, må me på jobb.
Samstundes er me ikkje dimensjonerte for så mange pasientar. Det finst vel ingen land som eigentleg er det, med så mange sjuke som kanskje kjem no.
Måten ein får dette til å gå opp på, er å strekke allereie knappe ressursar enno lenger. I dette tilfellet er «ressursar» dei tilsette. Forventningane frå samfunnet er enorme.
Heile Noreg klappar for oss i helsetenesta. No er det «dugnad». Me gjer det me kan, for å verte klare. Oppi alt får me avtalar om unntak frå mange av arbeidstidsfastleggingane i arbeidsmiljølova.
Alminneleg arbeidstid kan i mange tilfelle verta inntil 12,5 timar pr. dag, og med overtid kan me arbeide 16 timar pr. dag og inntil 54 timar i veka.
Derfor mener ekspertene at tiltakene må vare flere måneder
Vestland stenges ned. Se oversikt over hvem som permitterer.
Arbeidsplanane våre kan endrast med tre dagars varsling. Det er unntakstilstand i alt anna enn namn. Når eg pratar med mine kollegaer, er alle klare til innsats. Dei blinkar ikkje ein gong i møte med tolvtimarsvakter. Alle har forstått alvoret.
Hadde du spurt om dei er villige til å arbeide seg i hel, trur eg dei berre hadde nikka og byrja å jobbe.
Som einsam tillitsvald er eg bekymra for mine arbeidskameratar. Korleis vil arbeidskvardagen og belastninga bli for dei. Me er i ein heilt spesiell situasjon som krev mykje av oss som arbeidstakarar, som tillitsvalde og som arbeidsgjevarar.
Me veit ikkje kor lenge dette kjem til å vare, og det er viktig at ein no hugsar å ta vare på dei tilsette. Me treng dei òg etter at krisa er over.
Her er den nye pandemiposten på Haukeland
Dei sentrale avtalane er tydelege på at ein skal ha ei spesiell merksemd på dei konsekvensane det kan ha for helsa og arbeidsmiljøet til dei tilsette.
Samstundes er det inga tvil om at presset til å gå mot yttergrensene av dei avtalane kjem til å vere stort. Det må ikkje skje med mindre det ikkje finst nokon anna løysing.
Ein må ha med seg både hovudet og hjartet når ein no skal kome fram til løysingar. Nokon må ha omsorg for omsorgspersonane. Det ansvaret ligg no på leiarane og dei tillitsvalde, og dei må ta dette ansvaret alvorleg.
BT orienterar: Innlegget vart trykt i papiravisa 27.april. Nettutgåva er oppdatert etter orientering om nye unntaksreglar for tilsette på sjukehus, gitt innsendar etter trykkefrist torsdag.
Mest lest akkurat nå
Tunneler ved Nesttun stengt etter melding om brann
Mistenker hærverk på togstasjon
Utenfra likner den en hurtigbåt. Bli med inn i superfartøyet.
Erik var i elendig form før han møtte Benedicte. Her er de på vei til bryllupet sitt.
Visste ikke om passregel. – Provoserer at andre betalte seg frem i køen.
Det utskjelte selskapet får to nye år i Bergen. – Vi er meget fornøyde, for å si det forsiktig.
BT anbefaler
Erik var i elendig form før han møtte Benedicte. Her er de på vei til bryllupet sitt.
No skal møk frå Dag Inges grisar varme opp sjukehus
Olga fikk beskjed om å flytte fra Bergen mandag morgen. I siste liten kom beskjeden som endret alt.
«Små føtter setter dype spor», sto det på en siste hilsen. Da Monica mistet sønnen, bestemte hun seg.