Farleg akademisering av høgskulane

Studentar ved høgskulane står i fare for å miste den tette kontakten med næringslivet.

HØGT SPEL: Når høgskulane blir universitet, kan ein sitje igjen med høgt kvalifiserte folk på smale felt. Det kan gå utover kvaliteten i utdanninga, meiner innsendaren. Fred Ivar Utsi Klemetsen

Debattinnlegg

Joar Sande
Høgskulelektor, Høgskulen på Vestlandet

I høgare utdanning vil det snart berre vere universitet. Høgskulane med store profesjonsutdanningar er i ferd med å forsvinne. Praksisnære utdanningar står i fare for å bli akademiserte. Då vil studentane miste den tette kontakta med offentleg og privat næringsliv.

Alle elevar med fullført grunnskule fekk rett til vidaregåande opplæring i tre år etter Reform 94. Strukturen som då vart lagt, vart avløyst av Kunnskapsløftet i 2006. Reforma vart seinare kritisert for å teoretisere utdanninga, og medføre eit stort fråfall av teorisvake elevar.

Same året reforma vart innført, i 1994, vart talet på høgskular i Noreg redusert frå 98 til 26. Ulike profesjonshøgskular vart slått saman til større einingar.

Dei siste åra har desse høgskulane blitt slått saman til endå større høgskular, som i dei fleste tilfelle har blitt universitet. Tanken er å skape større og meir robuste fagmiljø som kan møte dei komplekse utfordringane vi får i framtida.

Les også

Eit nytt landsdelsuniversitet

Ein konsekvens av samanslåingane i 1994 var at praksisnære utdanningar som ingeniørutdanninga, med behov for kostnadskrevjande laboratorium, kom skeivt ut. Leiinga hadde ikkje alltid forståing for profesjonen sin eigenart då det skulle kuttast i budsjetta.

Eit resultat, kombinert med dårleg studentrekruttering, var at elkraftutdanninga i Noreg nesten vart utradert.

Då næringa, for fem år sidan, innsåg at generasjonsskiftet nærma seg, måtte fagmiljøa byggjast opp att.

KRAFTKOMPETANSE: Elkraftnæringa innsåg at ein gjekk mot eit generasjonsskifte. Då måtte fagmiljø byggjast oppatt, skriv innsendaren. Eirik Brekke

På Vestlandet har Høgskulane i Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund blitt til Høgskulen på Vestlandet. Ambisjonen er å bli universitet i 2023.

Det same har skjedd i resten av landet, seinast når Høgskulen i Oslo og Akershus no fekk godkjenning som universitet.

Når Høgskulen på Vestlandet blir eit universitet er det nesten ikkje høgskular att. Høgskolen i Østfold, med 6000 studentar og 500 tilsette, og Høgskulen i Volda, med kring 4000 studentar og 350 tilsette, vil vere størst.

Universiteta krev tilsette med såkalla førstekompetanse, og då helst doktorgrad. Høgskulen på Vestlandet har ein ambisjon om at minst 70 prosent av dei tilsette skal ha slik kompetanse. Ein del av desse vil vere førstelektorar, utan doktorgrad, noko ideelt sett alle nye tilsette frå no av bør ha.

Les også

Næringslivet har behov for flere ingeniører. Nå oppretter Høgskulen på Vestlandet en ny havteknologilinje.

I kollegiet mitt er det mange som har lang erfaring frå næringslivet, og denne miksen gir ei god og praksisnær utdanning.

Tenk om undervisarane på ei profesjonsutdanning alle har doktorgrad innan eit smalt felt, utan særleg erfaring frå arbeidslivet. Dei skal undervise studentar i både grunnemne og vidaregåande emne, og rettleie på prosjektoppgåver gitt av næringslivet.

Dei skal òg syte for at utdanninga har tett kontakt med bedrifter i nærområdet. Samstundes skal undervisarane halde oppe forskinga og produsere publikasjonar som gir poeng i «tellekantsystemet» til høgare utdanningssektoren.

Spørsmålet blir då kor godt ein klarer å levere for det lokale næringslivet. Små og mellomstore bedrifter i Noreg har ikkje forskingsavdelingar.

Noreg har alltid vore god på omstilling, fordi vi har hatt fagfolk med praktisk sans og auge for gode løysingar. Då oljealderen kom til Noreg hadde verfta produsert oljetankarar i fleire år. Etter å ha klødd seg litt i hovudet, fann dei ut korleis dei kunne bruke den kunnskapen til å produsere oljeplattformer.

Norsk offshoreteknologi er i dag i verdstoppen når det gjeld teknologi og utstyr berekna på store havdjup.

Les også

Forskinga når ikkje ut til studentane

Det beste hadde sannsynlegvis vore at ein hadde både store høgskular og universitet, der høgskulane hadde eit hovudansvar for dei store profesjonsutdanningane på bachelornivå.

Det har alltid vore slik at motiverte studentar med bachelorgrad har kunna gå vidare på universitet og ta utdanning heilt opp på doktorgradsnivå.

Dei studentane som hadde ambisjon om å gå den vegen, kunne tatt relevante valfag for å førebu seg på den akademiske retninga. Andre kunne tatt profesjonsretta valfag, som hadde gitt dei eit godt grunnlag for å gå ut i arbeidslivet.

Profesjonsutdanning krev fagpersonale med erfaring frå profesjonen. Akademiseringa i høgare utdanning kan gå så langt at vi hamnar i same uføret som vidaregåande utdanning etter Reform 94.

Då vil høgskular med praksisnær utdanning vere vinnarane.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg