Kjærleiksgaranti med innhald

Stortinget vedtok ein «kjærleiksgaranti», eller «sambuar-garanti», som det også vart kalla.

KRF: På fylkestinget i Sogn og Fjordane i vår tok eg opp at vi burde lage ein meir anvendeleg kjærleiksgaranti, skriv innsendar. Rune Sævig

Trude Brosvik
Gruppeleiar i KrF

Dei nasjonalt folkevalde frå mellom anna Høgre og Arbeidarpartiet såg det som si oppgåve å fortelje lokalt folkevalde som har ansvaret for sjukeheimane, at gamle par har rett på å få bu saman også når dei kjem på sjukeheim.

Eg trur endå at kommunane er beste til å ta vare på innbyggjarane sine. Men synest sjølvsagt det er flott at dei som har levd saman heime også skal få gjere det på slutten av livet, når det er det dei ønskjer.

Det er rett nok litt problematisk å sjå for seg at dette skal gjelde i dei tilfella der berre den eine har behov for sjukeheimsplass. Eller der det beviseleg ikkje er bra for den friskaste, men vedkomande får følelsen av å svikte ved ikkje å gjere det. Praktiske omsyn med at sjukeheimar no stort sett berre har einmannsrom, er det få som tenkjer på.

På fylkestinget i Sogn og Fjordane i vår tok eg opp at vi burde lage ein meir anvendeleg kjærleiksgaranti, og som eg trur ville blitt meir etterspurd i typiske distriktskommunar. Nemleg ein sterk auka av midlane til sørvisskyss og tilrettelagt transport (TT). På denne måten kunne eldre par i større grad fått besøkje kvarandre oftare når helsa skranta og den eine av dei måtte bu på ein sjukeheim. Eg veit frå eiga erfaring i familien at dette ville vore eit svært godt tilbod.

Som fylkestingsmedlem for KrF vil eg vere med å auke innsatsen vår til «sørvisskyss». Men vi må også løyse meir statlege midlar til det.

Eg tenkjer at dei som gjekk høgt på bana for «kjærleiksgaranti» når det galdt å bu saman, vil vere dei første til å kjempe saman med oss om ei slik ordning. Om ikkje, så viser dei for all verda at garantien var innhol og meint for å lure rekninga for eigne påfunn over på andre betalarar. Utfordringa er gitt; Ap, H og FrP.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg