Etter 20 år som jojo-slankar, vel eg å legge ballen død

Eg hadde alltid drøymt om å vere styrkelyftar. Eg måtte berre gå ned mange kilo først.

NO: Eg stryk over magen min og takkar den for at den fungerer så bra. Eg venner meg til store overarmar og takkar dei for at dei har bore mine tre vakre små i deira barneår. Eg dansar rundt med den ikkje-perfekte rumpa mi, skriv Anita Veberg. Privat

Debattinnlegg

Anita Veberg
Førde

I april 2018 var eg i Dallas, Texas. Der såg eg ei dame med ei utstråling utan like. Ho gjekk inne på shoppingsenteret med høge hælar, tettsitjande skjørt, fargerik topp og velstelt frisyre. Ho var frodigare enn meg, og likevel såg ho så stolt og fornøgd ut.

Eg sat der på ein benk og venta på følgjet mitt, og gjorde alt eg kunne for å skjule bilringen, dobbelhaka og valken på ryggen.

Min verdi låg i å vere tynn. Difor gjekk eg gjennom depresjonar, mindreverdskompleks, eteforstyrringar og sosial angst. Difor valde eg å gjennomføre ein desperat mini-bukplastikk, der legen lét vere å sy igjen bukveggen, fordi eg ønska fleire barn.

Eg hadde alltid drøymt om å vere ein atlet. Ein styrkelyftar. Eg måtte berre gå ned mange kilo først. Sjå sånn og sånn ut. Eg trudde eg måtte bli slank for at folk skulle like meg. Og det øydela meg innvendig. Eg følte eg svikta om eg såg ut som eg no gjer.

Da eg såg den vakre dama i Texas, klarte eg ikkje la vere å stire. Ho endra tankegangen min. Når eg er 80 år, vil eg ikkje sjå tilbake og sjå at livet mitt blei slukt av dette eine ønsket om å vere tynn eller annleis. Livet mitt kan gi meg glede, latter og minnerike augneblikk. Om eg berre vel å legge fokuset på det.

Du kan aldri føle deg heime i din eigen kropp om du ser på den som mellombels. Eg orkar ikkje vente meir på den perfekte kroppen. Den kjem ikkje. Alle har vi våre ting. Grevinneheng, strekkmerker, appelsinhud, ekstra feitt.

Les også

Kroppen er stort sett ei personleg greie. Men så kjem sumaren. Og kroppen vert offentleg.

Etter 20 år som jojo-slankar, vel eg å legge ballen død. Eg frontar ikkje fedme av den grunn, eg frontar å få slutt på ein altfor lang krig mot meg sjølv. Klarer eg ikkje å godta meg sjølv der eg er no, vil det ikkje hjelpe å gå ned i kilogram. Det har eg gjort før.

Det hjelper ikkje å gå ned til «idealvekt» om kjensla av verdigheit berre kan oppnåast ved vektnedgang. Eg har ein normal kropp. Og det er meir enn nok. Berre eg held den frisk med næringsrik mat og fysisk aktivitet, vil den stå meg bi. Og eg vil akseptere og vere glad i den kroppen eg har, og som viser at eg har levd.

Mine verdiar ligg inne i meg. Mine sterke lår med cellulittar bidreg ikkje til verdien av meg. Dei berre er der. Og ser ut som dei gjer. Dei gjer jobben sin. Det er alt eg kan be dei om.

Eg vel å fortsette å vere aktiv, ikkje fordi eg åt sjokolade dagen før, men fordi eg vil det. Eg vel å ete det eg vil, utan skamma. Eg vel å finne det eg likar i spegelen, i staden for finne det eg vil endre på. Eg er klar for å leve, slik eg har rett på. Uansett tjukk eller tynn. Fordi eg er meir enn korleis eg ser ut. Fordi eg er meir enn kroppen min.

Eg har alltid den vakre dama i Texas i bakhovudet. Det var ho som grunnla tanken om at eg kunne sjå fantastisk ut akkurat som eg var.

Og hurra og tjohei: Eg klarte det! Eg blei ein styrkelyftar! Utan å presse meg ned i kilo, og leve i endå fleire år med kroppskrig.

STOLT: Eg var sterkare i hovudet og kroppen enn nokon gong. Eg brydde meg ikkje. Eg kunne stolt vise fram styrken min. Eg var fokusert. Eg skulle berre løfte. Privat

I september stod eg for første gang på plattingen. Det var eit stolt augneblikk. Ikkje fordi eg var slank, glatt eller feilfri. Langt ifrå. Det var fordi eg turte. Trass i at eg var tyngre enn eg har vore før. Trass i trong drakt som pressa ut låra med appelsinhud og den absolutt ikkje glatte rumpa mi.

Eg var sterkare i hovudet og kroppen enn nokon gong. Eg brydde meg ikkje. Eg kunne stolt vise fram styrken min. Eg var fokusert. Eg skulle berre løfte.

Eg er verdifull uansett utsjånad. Det kan mannen min, barna mine, mamma, pappa, søsken, slekt og venner skrive under på. Alle kroppar er normale. Vakre. Ekte. Eg bryr meg ikkje det spor om korleis du ser ut. Fordi det er ikkje den utanpå som er deg. Det er den inni. Du er meir enn kroppen din. Og eg er meir enn kroppen min.

Ein versjon av dette innlegget vart først publisert på innsendarens blogg.