Vi må stoppe nye vindkraftkonsesjonar

At Erna Solberg tek til orde for skrote rammeplan for vindkraft, er ingen garanti.

DOBLING: Akkurat no skjer ei rask utbygging av landbasert vindkraft i Norge. Det vil innebere ei dobling av vindkraftproduksjonen i Norge, skriv Kjersti Toppe. Tor Høvik (arkiv)

Debattinnlegg

Kjersti Toppe
Stortingsrepresentant (Sp)

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fremja forslag til nasjonal ramme for vindkraft. Arbeidet har fått fram stor lokal motstand mot øydeleggande vindkraftutbygging i norsk natur.

Planen var bestilt av Stortinget og skulle sikre mindre konfliktfull utbygging av vindkraft på land. Det har den ikkje ført til.

Statsminister Erna Solberg (H) opnar no for å skrote nasjonal ramme for vindkraftutbygging. Men kva betyr det? Kva meiner eigentleg regjeringa om vindkraft på land?

Vi veit at regjeringa ikkje vil gi kommunane vetorett i slike utbyggingssaker, og at dei ikkje vil sikre nasjonalt eigarskap ved utbygging. Senterpartiets forslag om dette blei stemt ned i Stortinget så seint som 19. juni i år.

Akkurat no skjer ei rask utbygging av landbasert vindkraft i Norge. Åtte nye landvindparkar blei ferdigstilte i 2018, og ytterlegare 13 er under utbygging. Når desse er ferdige, vil det innebere ei dobling av vindkraftproduksjonen i Norge. I tillegg er det gitt meir enn 30 nye konsesjonar til utbygging

Betyr Solberg si opning for å skrote nasjonal ramme for vindkraft, ein stopp i nye søknader?

Dersom statsministeren berre vil hindre at nasjonal ramme blir behandla politisk, er det liten grunn til å juble. For då kan NVE fortsetje å gi nye vindkraftkonsesjonar i stort tempo utan særleg politisk innblanding. Regjeringa vil unngå det politiske presset som nasjonal ramme har ført til.

Einar Hope, «energilovas far», tok i BT 20. mars i år opp behovet for ein verneplan for vindkraft og meiner at det ikkje hastar med å bygge vindmøller på land. Både omsynet til kraftforsyning, kostnader og naturen tilseier at vi bør vente til havvind vert meir lønsam. I Noreg har vi tid til å vente på betre løysingar.

Eg er einig med Hope. Vi må stoppe nye vindkraftkonsesjonar no. At statsminister Erna Solberg tek til orde for skrote rammeplan for vindkraft, er ikkje ein garanti for dette.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg